Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing (RF-1215)
Fra og med 2024 (inntektsåret 2023) skal alle selskap bruke den nye skattemeldingen. Du må bruke et sluttbrukersystem for å sende skattemeldingen. Mer informasjon finner du her Skattemelding for selskap - Skatteetaten
Selskapsmelding for selskap med deltakarfastsetjing (RF-1215) pliktast utfylt for ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS), ansvarleg selskap med proratarisk (delt) ansvar (DA), indre selskap, kommandittselskap (KS), partrederi (PR) og tilsvarande utanlandsk selskap som driv verksemd som skal skattefastsettast i Noreg.
Når skal skjemaet brukast?
Frist for elektronisk innsending er 31. mai.
Kven skal bruke skjemaet?
Skjemaet skal brukast av selskap med deltakarfastsetjing etter skattelova § 10-40. Deltakarfastsetjing blir gjennomført når ei økonomisk verksemd blir utøva for to eller fleire deltakarar si felles rekning og risiko, og minst ein av deltakarane har eit ubegrensa ansvar for verksemda si samla forpliktingar. Selskapsmelding blir derfor plikta utfylt for:
- ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS),
- ansvarleg selskap med proratarisk (delt) ansvar (DA),
- indre selskap,
- kommandittselskap (KS),
- partreieri (PR), og
- tilsvarande utanlandsk selskap som driver verksemd som er skattepliktig i Noreg.
Også sameigar skal reknast som selskap og skal deltakerfastsettas dersom dei driv verksemd for eigarane si felles rekning og risiko.
For å bruke tjenesta treng du fullmakt til enten enkelttjenesta eller tilgangpakken tjenesta ligger i. Les mer på hjelpesidene. Altinn - Hjelp
Kontroller at du har dei naudsynte rollene i god tid før innrapporteringsfristen.
Kva skal eg leggje ved?
Vedleggsskjema finn du under arkfana Vedlegg etter å ha opna hovudskjemaet.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Kontroll og fastsetjing av skattegrunnlaget.
Meir om skjemaet
Skattemeldinga for selskap og næringsdrivande er bygd opp av eitt hovudskjema (skattemelding, selskapsoppgåve), og i tillegg ulike vedleggsskjema (for eksempel næringsoppgåve).
Hjelp og rettleiing
Du finn hjelpetekstar i skjema ved å klikke på spørjeteikn ved sida av skjemafeltet.
På Skatteetaten sine nettsider finn du rettleiing for papirversjonen av skjemaet.
Faglig brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000