Overnattings- og serveringsstad (RF-1122)Vedlegg
Dette vedleggsskjemaet kan du leggje ved følgjande skjema:
Når skal skjemaet brukast?
Du har same frist for å levere RF-1122 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.
Kven skal bruke skjemaet?
Driv føretaket overnattings- eller serveringsstad som serverer øl, vin og brennevin, skal ein levere RF-1122 som vedlegg til skattemeldinga eller selskapsmeldinga. Driv føretaket fleire overnattings- eller serveringsstader leverer ein eitt skjema for kvar stad.
Kvifor skal skjemaet brukast?
Skjemaet vert brukt til kontroll av skattegrunnlaget.