Hopp til hovudinnhaldet

Hjelp

Vi hjelper deg gjerne med det du lurer på. Sjå kva vi ofte får spørsmål om og korleis du kan kontakte oss.

Spørsmål du kanskje har

Kva tilgangspakkar skal eg gi?

Fullmakter som før låg i ei rolle er no spreidde på fleire tilgangspakkar. Ein tilgangspakke gir meir presise fullmakter enn roller gjorde.

Bruk fullmaktsoversikta under Tilgangsstyring til å søkje etter tilgangspakkar. Tenk over kva tenester ulike personar og verksemder treng fullmakt til, og finn ut kva for nokre av dei nye tilgangspakkane desse tenestene ligg i.

Kva må eg gjere i ny tilgangsstyring?

I nye Altinn blir ikkje roller brukt slik du kjenner dei frå gamle Altinn.

Rollene er erstatta av tilgangspakkar. Dei består av fullmakter til skjema og tenester innanfor eitt område, til dømes «Helsetenester» og «Renovasjon».

Det betyr at du må få fullmakt til éin eller fleire tilgangspakkar for å kunne bruke og få tilgang til tenester i nye Altinn.

Korleis får eg fullmakt

Tilgangsstyrar eller hovudadministrator i verksemda gir fullmakt til tilgangspakkar.

Om du ikkje har tilgang til nødvendige tenester eller tilgangspakkar, kan du sjølv be om fullmakt i Altinn. Tilgangsstyrar eller hovudadministrator i verksemda får førespurnaden din, og kan godkjenne han.

Kor lenge har eg tilgang via Altinn-roller?

Dei gamle Altinn-rollene er gyldige ut 2026, men det er ikkje mogleg å gi eller få nye roller.

Søk på altinn.no

Ta kontakt, vi hjelper deg gjerne

Hjelp til å fylle ut eit skjema eller forstå innhaldet i eit brev

Spørsmål om innhaldet i skjema og meldingar må du stilla til den etaten eller kommunen som eig skjemaet eller har sendt deg meldinga. 

Det kan til dømes vere Skatteetaten, Brønnøysundregistrene eller Nav

Kontakt Altinn brukerservice for hjelp med Altinn

Vi hjelper deg med å finna fram i Altinn, bruka innboksen og gje tilgangar til andre. Opningstidene på telefon og chat er på kvardagar kl. 08.00-15.30. 

Det er for tida mange som kontaktar oss om nye Altinn. Det kan føre til lengre svartid enn normalt.

Hjelp til å starte og drive bedrift

Bedriftsrettleiinga svarer på spørsmål om å starta og drive bedrift. Opningstid på telefon er 09.00-15.00. Viss du skriv til oss svarar vi vanlegvis innan ein virkedag.