Næringsoppgåve 1 (RF-1175)Vedlegg
Dette vedleggsskjemaet kan du leggje ved følgjande skjema:
Når skal skjemaet brukast?
Du har same frist for å levere RF-1175 som skattemeldinga eller selskapsmeldinga.
Kven skal bruke skjemaet?
Næringsdrivande skal lever næringsoppgåve. Næringsoppgåve 1 (RF-1175) er tilpassa næringsdrivande som berre er bokføringspliktige. Næringsdrivande som fører årsreknskap må bruke Næringsoppgåve 2 (RF-1167). De som utarbeider årsreknskap med begrensa reknskapsplikt kan levere Næringsoppgåve 5 (RF-1368). Personleg næringsdrivande (enkeltpersonføretak) med brutto driftsinntekter på kr 50 000 eller lågare i året, er fritekne frå å levere næringsoppgåve.
I tillegg til RF-1175 må alle næringsdrivande normalt levere skjema for utrekning av personinntekt (RF-1224), Avskrivingsskjema (RF-1084) og dersom det er aktuelt, Gevinst- og tapskonto (RF-1219). Krevst det frådrag for kostnader som gjeld stasjonsvogn, varebil, lastebil under 7,5 tonn eller personbil (nytta meir enn 6000 km i næring), skal bilskjema (RF-1125) leverast saman med skattemeldinga.
Du vil ha tilgang til dette skjemaet om du har tilgang til hovudskjemaet dette skjemaet er eit vedleggsskjema til.