Starte og registrere enkeltpersonføretak

Dersom du skal registrere eit enkeltpersonføretak må du velje føretaksnamn og beskrive aktiviteten du skal drive. Her får du vite kva som krevst for å starte eit enkeltpersonføretak, og korleis du går fram når du skal registrere det.


Vurderer du å starte enkeltpersonføretak

I oppstartsrettleiaren finn du svar på kva du bør tenke på og korleis du bør gå fram.

For å starte eit enkeltpersonføretak må du:

  • planleggje å drive næringsverksemd
  • ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse og oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse blir ikkje godteken)
  • ha fylt 18 år (Dersom du er over 15 år kan du registrere enkeltpersonføretak etter løyve frå føresette/verje og Statsforvaltaren (Søknad om godkjenning frå  statsforvaltaren) vel "Søknad om godkjenninga til statsforvaltaren til å gjere andre disposisjonar på vegner av person med verjemål" etter innlogging i skjemaet) 

Registrere enkeltpersonføretak

Slik registrerer du eit enkeltpersonføretak dersom du har norsk fødselsnummer eller d-nummer(Dersom du har d-nummer er det ein føresetnad at du har vore til ID-kontroll hos Skatteetaten. Har du ikkje vore til ID-kontroll vil du få brev om at dette må gjerast før registreringa kan fullførast.):

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut skjemaet Samordna registermelding i Altinn.
  2. Dersom du har avtale med ein rekneskapsførar eller revisor må dette stadfestast ved at vedkomande signerer elektronisk.
  3. Send meldinga til signering. Du får då tilsendt meldinga elektronisk og kan signere meldinga.
  4. Når føretaket er registrert får du melding om dette i din Innboks i Altinn. Om elektronisk signering

Har du ikkje norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Registrer enkeltpersonføretaket ved å fylle ut og signere papirblankettane "Søknad om d-nummer til personar i samband med registrering i Brønnøysundregistera" og "Forenkla registermelding – Blankett for enkeltpersonføretak":

    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer

    Brønnøysundregistra – forenkla registermelding – Blanket for registrering av enkeltpersonføretak

    Rettleiing – forenkla registermelding for enkeltpersonføretak

  2. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet "Forenkla skjema for registrering av enkeltpersonføretak". Legg ved stadfesta kopi av gyldig legitimasjon.
  3. Når d-nummer er tildelt må du bestilla tid for ID-kontroll hos Skatteetaten.
  4. Når ID-kontroll er gjennomført vil Brønnøysundregistera behandla registreringa.

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU-/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI).

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på enkeltpersonføretak

I enkeltpersonføretak må etternamnet ditt vere ein del av føretaksnamnet. Du kan i tillegg velje eit marknadsføringsnamn på verksemda. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Kva kostar det?

Å registrere eit enkeltpersonføretak i Einingsregisteret kostar 2 499 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 146 kroner).

Nokre enkeltpersonføretak må også registrerast i Føretaksregisteret. Dette gjeld i hovudsak enkeltpersonføretak som skal drive med sal av varer som er innkjøpte for vidare sal, og enkeltpersonføretak som har fleire enn fem tilsette.

Å registrera enkeltpersonføretak både i Einingsregisteret og Føretaksregisteret kostar 2 656 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 3 205 kroner).

Registrering i Føretaksregisteret i ettertid kostar 2 120 kroner ved elektronisk registrering(ved registrering på papirskjema er gebyret 2 668 kroner).

Du får tildelt eit organisasjonsnummer når registreringa er behandla.

Brønnøysundregistera - slik registrerer du eit enkeltpersonføretak

Brønnøysundregistera om registreringsplikt for NUF i Føretaksregisteret

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Sjekk status på din sak hos Brønnøysundregistra

Drive enkeltpersonføretak

Du kan lese om drift av enkeltpersonføretak her.

Åpne kontaktskjema