Val av namn
Korleis velje namn
Nokon føretrekker namn som tydeleg beskriv kva verksemda driv med, mens andre får for mer abstrakte og opne namn. Store selskap vel ofte abstrakte namn (som IKEA og Rema 1000), mens mindre verksemder med ei klar lokal eller bransjemessif tilknyting, gjerne vel noko meir beskrivande.
Eit beskrivande namn kan vere nyttig fordi det raskt fortel kundar kven du er og kva du tilbyr. Samtidig kan slike namn skape utfordringar. Andre kan registrere nesten identiske namn, noko som gjer det vanskelegare å skilje verksemdene frå kvarandre.
Dersom du for eksempel registrerer Frisørliga AS, kan andre registrere Frisørligaen AS utan problem. Eit beskrivande namn kan bli vanskeleg å registrere som eit varemerke.
Namn som innneheld bransje eller stadsnamn kan også bli ein hemsko, dersom du seinare vil utvide verksemda. Eit namn som Trondheim Frisør AS, passar dårleg dersom du seinare ønsker å opne salongar i Narvik eller startar å selje hårprodukt på nett.
Det er viktig å vurdere om namnet støttar identiteten du ønsker å bygge og om det kan forvekslast med andre. Før du bestemmer deg, bør du sjekke om domenenamnet er ledig og sikre deg at ingen andre har rettar til namnet, for eksempel gjennom varemerkerettar.
Finn ut om namnet er ledig
På navnesok.no kan du finne ut om namnet du ønsker deg er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke i eitt og same søk. Når du skal registrere, kan følgande vere ei smart rekkefølge:
Registrere domenenamn
Registrere føretaksnamn
Registrere eventuelt varemerke
Oppslag på føretaksnamn viser ikkje korrekt informasjon akkurat no. For å finna svar på om føretaksnamnet er ledig må du førebels søkja direkte på brreg.no. |
|---|

Tenesta namnesok.no er eit samarbeid mellom Norid, Brønnøysundregistera og Patentstyret. Finn ut om namnet er ledig på navnesok.no
Domenenavn først, føretak etterpå
Det er ofte vanskelegare å finne eit godt domenenamn som er ledig, enn å finne eit ledig føretaksnamn. Når du har funne eitt eller fleire domenenamn du vil ha, bør du registrere dei med ein gong slik at du unngår at andre tar dei. Det finst dei som følger med på nyregistrerte føretak i Brønnøysundregistera slik at dei kan registrere domenenamn dei reknar med kan vere aktuelle. Dersom du som nyetablerte føretaka ikkje har sørgd for å registrere domenenamnet først, kan det ende med meirarbeid og store kostnader for å få tak i det domenenamnet som passar best til føretaksnamnet.
Før du bestemmer deg for domenenamnet, bør du lese om tips til val av namn på varemerket ditt, slik at du vel eit namn som kan registrerast som varemerke.
Dersom du vel eit føretaksnamn som er identisk med eit føretak som allereie er registrert i Føretaksregisteret, må du få samtykke frå dei som eig namnet og legge dette ved når du registrerer føretaket. Dersom du gjer eit grundig forarbeid, reduserer du risikoen for å måtte skifte føretaksnamn etter å ha brukt tid og pengar på å innarbeide namn og logo.
Krav til namn på føretaket
Føretaksnamnet må innehalde minst tre bokstavar frå det norske alfabetet. Namnet kan ikkje berre bestå av namnet på eit land, eit fylke eller ein kommune. Enkelte særlover set avgrensingar på retten til å bruke bestemde omgrep i føretaksnavn. Eksempel på ord som ikkje kan brukast fritt er bank, sparebank, apotek og børs.
I tillegg er det nokre titlar som er reserverte for personar og føretak som har bestemde kvalifikasjonar. Eksempel på slike titlar er advokat, registrert revisor eller statsautorisert revisor, statsautorisert eigedomsmeklar og meister.
Marknadsføringsnamn
Du kan bruke eit anna namn på verksemda enn det offisielle føretaksnamnet, Dette blir ofte kalla for eit marknadsføringsnamn. Du kan for eksempel bruke marknadsføringsnamnet på skilt, i logo eller som domenenamn. Eit enkeltpersonføretak med føretaksnamnet Per Holm, kan for eksempel bruke Grillbua som namn utad. Det offisielle føretaksnamnet må likevel visast på forretningsdokument, som fakturaer, brev og nettsider.
Du kan velje å registrere eit marknadsføringsnamn som ei undereining i Brønnøysundregistera, men det er ikkje eit krav.
Å registrere eit marknadsføringsnamn fir ikkje einerett til namnet. Det betyr at andre i utgansgpunktet kan beuke eller registrere same namn. Derfor er det viktig å undersøke om namnet allereie er i bruk eller registrert av andre.
Bruk tenesta namnesok.no for å sjekke om namnet er ledig som domenenamn, føretaksnamn og varemerke.
Vern av namnet
Dersom du vil sikre deg betre rettar til namnet ditt, må du gjere meir enn å bruke eller registrere det som marknadsføringsnamn.
Du kan verne namnet på ulike måtar:
Føretaksnamn
Når du registrerer føretaket i Føretaksregisteret, får du eit visst vern for føretaksnamnet. For enkeltpersonføretak gjeld dette heile namnet, inkludert etternamn.
Varemerke
Du kan også registrere namnet som varemerke. Da kan du få einerett til å bruke namnet for bestemte varer og tenester.
Dette er særleg aktuelt dersom:
Du bruker eit maknadsføringsnamn
Namnet er viktig for verksemda di
Du ønsker å hindre at andre bruker eit liknande namn
Bytte namn på føretaket
Dersom du skal bytte namn på føretaket melder du dette via skjemaet Samordna registermelding. Dersom føretaket er registrert i Føretaksregisteret, er det gebyr på endringa.