Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Varemerke

Varemerke

Eit varemerke kan vere eit namn, ein logo eller eit anna kjenneteikn som skil varene og tenestene dine frå andre sine. Det kan bli ein viktig verdi for verksemda di.

Kvifor registrere varemerke?

Både verksemder og enkeltpersonar kan søke om å registrere eit varemerke. Når varemerket er registrert, får du einerett til å bruke det for dei varene og tenestene registreringa gjerd. Eineretten gjeld for eksempel når du bruker varemerket på sjølve varen, i dokument, i reklame og i munnleg omtale. Ingen andre kan bruke eit varemerke som kan bli forveksla med ditt for same type varer eller tenester.

Kva kan du registrere som varemerke?

Eit varemerke kan bestå av:

  • bokstavar, tal, ord, namn, slagord

  • logoar, figurar og bilete

  • emballasje

  • lyd, rørsle

  • kombinasjonar av desse.

Eit varemerke må ha særpreg slik at kundane kan skilje produktet ditt frå andres. Varemerket som berre beskriv vara eller tenesta kan i utgangspunktet ikkje registrerast, fordi andre næringsdrivande også må ha lov til å beskrive produktet sitt utan å krenkje andre sine rettar.

For eksempel kan du ikkje utan vidare få eineretten til Økern Bilmekanikar for tenester som gjeld "reparasjon av bilar" sidan varemerket berre fortel kor i Oslo tenesta vert tilbydd, nemleg Økern, og kva slags tenester som vert tilbydde der, nemleg bilmekanikartenester. Dersom du ønskjer ein slik skildrande tekst i varemerket ditt, må du leggje til noko anna som har særpreg for at det skal kunne registrerast. Dette kan for eksempel vere eit figurelement eller ei logoutforming som har særpreg. Då vil det vere kombinasjonen av tekst og figur som blir verna, og ikkje teksta i seg sjølve.

Kor lenge varar varemerkeregistreringa?

Eit registrert varemerke gjeld i 10 år og kan fornyast for 10 år om gongen. Du må ta varemerket i bruk. Dersom du ikkje har tatt det i bruk innan fem år, kan registreringa slettast for dei varene eller tenestene du ikkje har brukt varemerket for. Patentstyret slettar berre registreringa dersom nokon krev det.

Ulike symbol for varemerke

  • ® - blir brukt for registrerte varemerke

  • ™ - kan brukast på uregistrerte varemerke for å vise marknaden at dette er eit varemerke.

  • © - blir brukt for å merke litterære og kunstnariske verk med opphavsrett.

Før du søkjer

Før du søker, bør du vurdere om varemerket har særpreg. Du bør også sjekke om andre allereie har rettar til same eller liknande varemerke. Dette kan du gjere på:

Dersom du treng meir informasjon, kan du kontakte kundesenteret eller avtale rettleiing med ein fagperson. Patentstyret tilbyr også betalte forundersøkingar for å vurdere om varemerket kan registrerast.

Korleis søkjer du om varemerkeregistrering?

Du søker om varemerkeregistrering ved å levere søknaden til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit søknadsgebyr for å få søknaden behandla.

Når du søkjer, må du velje kva for klassar varemerket skal gjelde for. Når du søkjer, må du velje kva for klassar varemerket skal gjelde for. Det vil seie at du må avgjere innanfor kva for varegrupper eller tenestekategoriar du ønskjer å verne varemerket.

Internasjonal varemerkeregistrering

Varemerkeregistreringa gjeld berre i det landet der varemerket er registrert. Bruker du varemerket utanfor Noreg, eller produserer du varer i andre land,, bør du vurdere å verne det i desse landa. Det er mogleg å registrere eit varemerke i fleire land samtidig. Dersom du nettopp har søkt varemerke i Noreg, bør du søke i andre land før det har gått seks månader. Da kan du nemleg ta med deg søknadsdatoen frå den norske søknaden, som er einfordel når du søker i utlandet.

Klage på andres varemerke

Dersom nokon registrerer (eller søker om å registrere) eit varemerke som er identisk med eller kan forvekslast med varemerket ditt, kan du klage. Informasjon om vilkår, klagefristar og framgangsmåtar finn du hos Patentstyret.

Hald deg oppdatert med Patentstyrets kurs

Patentstyret tilbyr kurs om korleis du kan verne verdiane dine med patent-, varemerke- og designrettar. Dei fleste kursa er gratis, og mange blir strøymde slik at du kan følge dei der det passar deg. Du kan også sjå opptak av tidlegare kurs og webinar, heilt gratis.

Fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke

Fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke er merke som blir brukt for å vise at vara eller tenesta kjem frå medlemmer av ein samanslutning eller at dei oppfyller bestemte krav eller standardar.

Ansvarsmerke

Dersom du produserer eller sel varer av gull, sølv eller platina med påstempla finleiksgrad (for eksempel 'S925' for sølv), må du også sørge for at vara er stempla med eit ansvarsmerke som er registrert hos Patentstyret.

Kva vern treng du?

Er du usikker på om du bør registrere varemerke, design eller patent? Patentstyret har utvikla ein test som hjelper deg å finne ut kva verdiar det kan vere viktig for bedrifta di å verne.

Treng du hjelp?

Har du spørsmål om patent, varemerke eller design? Ta ein prat med fagfolka i Patentstyret, så kan dei rettleie deg i riktig retning. Det er gratis og uforpliktande.