Ansvarsmerke
Dersom du produserer eller sel varer av gull, sølv eller platina med påstempla finingsgrad (til dømes «S925» for sølv), må du òg syte for at vara er stempla med eit ansvarsmerke som er registrert hos Patentstyret.
Ansvarsmerket viser kven som er produsent eller importør, og som er ansvarleg for at varene har rett finingsgrad. Søknad om ansvarsmerke sender du til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit gebyr før søknaden vert behandla, sjå prisoversikta hos Patentstyret.
Dersom du importerer varer av edelt metall frå EU-/EØS-land, og varene allereie er lovleg stempla med eit merke som ikkje kan forvekslast med eit norsk ansvarsmerke, treng du ikkje søkje om registrering av ansvarsmerke i Noreg. Det einaste kravet er at merket ikkje er for likt eit norsk ansvarsmerke, og at du melder inn merket til Justervesenet før du marknadsfører vara.