Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Hobby eller næringsverksemd

Hobby eller næringsverksemd

For at ein aktivitet skal bli godtatt som næringsverksemd må han bli driven for eiga rekning og eigen risiko, ha eit visst omfang og ei viss varigheit. Han skal over tid vere eigna til å gi overskot.

Kvifor skilja hobby og næring?

Nokre aktivitetar har meir preg av hobby enn av næringsverksemd. Grensa er ikkje definert i lovverket, men hobbyinntekter er skattefrie, medan ei næringsinntekt er skattepliktig. Forskjellen er heilt avgjerande for korleis du skal skattleggjast og om du kan få frådrag for utgiftene. Det er Skatteetaten som avgjer om ein aktivitet er hobby eller næring, men du må sjølv vurdere om du skal rapportere aktiviteten din som skattepliktig verksemd.

Når blir ein aktivitet rekna som hobby?

Er omfanget av aktiviteten lite og kostnadene omtrent like store som inntektene, kan dette trekke i retning av at du driv ein hobby. Fortenesta på hobbyverksemd er ikkje skattepliktig inntekt.

Ein aktivitet som har preg av hobbyverksemd eller er reine eingongshendingar blir ikkje vurdert som næringsverksemd og kan ikkje bli registrert som enkeltpersonføretak hos Brønnøysundregistera.

Hobbyen er blitt næringsverksemd

Ein hobbyaktivitet kan over tid utvikle seg til næringsverksemd. Når det inntektsgivande arbeidet er i gang, blir alle inntekter  skattepliktige og kostnader knytte til verksemda kan trekkast frå. Når du er godkjent som næringsdrivande, har du bokføringsplikt og du må levere skattemelding for næringsdrivande. Dersom duhar registrert eit enkeltpersonføretak, men får skattemelding for lønnstakarar, må du sjølv legge til næringsspesifikasjonen i skattemeldinga (søk han opp i skattemeldinga sitt søkefelt).

Skatteetaten har utarbeidd ei oversikt over fire vilkår som må vere oppfylt for om ein aktivitet kan reknast som næringsverksemd. Du må sjølv vurdere om du oppfyller alle vilkåra.

Oppstartsperiode

Frå det året du blir vurdert å oppfylle vilkåra som sjølvstendig næringsdrivande, kan du få godkjent inntil dei fem føregåande åra som oppstartsår for verksemda. Dette gjeld berre for dei som startar enkeltpersonføretak. For å få frådrag for tidlegare års oppstartskostnadar, må du sende inn ei ny skattemelding med næringsspesifikasjon for kvart av dei inntil tre siste åra. Er det behov for å endre fire og fem år tilbake i tid kan du be om dette ved å sende inn klage.

Får du endra fastsettinga for oppstartsperioden vil du få frådrag for dei reelle oppstartskostnadane. Det er derfor viktig å ta vare på alle inntekts- og kostnadsvedlegg som er knytt til verksemda frå dag ein.

Etter at du har vorte godkjent som personleg næringsdrivande har du bokføringsplikt og du må levere skattemelding for næringsdrivande.

Dersom du vurderer deg sjølv til å drive hobby, men likevel har inntekt frå ein aktivitet, kan denne framleis vera skattepliktig og skal oppgivast i skattemeldinga. Er du usikker på om du skal oppgi denne inntekta tek du kontakt med Skatteetaten for rettleiing.