Skattepliktige personar og næringsdrivande som ønsker å ta kontakt skriftleg med Skatteetaten om inn- og utbetaling av skatt, skal bruke skjemaet.
Start tenesteDu skal sende inn skjemaet ved behov.
Innsending på vegner av deg sjølv har ingen avgrensingar.
Viss du sender inn skjemaet på vegner av andre, treng du å ha fått delegert ei av desse rollene:
Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.
Her kan du sjå kven som har rollene tildelte på førehand.
Skjemaet lar deg kontakte Skatteetaten på ein sikker og rask måte. Ved behov kan du også legge ved dokumentasjon og informasjon som er nødvendig for Skatteetaten si behandling av førespurnaden din.
Dersom du ønsker å ta skriftleg kontakt med Skatteetaten, skal du bruke kontaktskjemaet. Du kan legge ved filer.
Du får svar via Altinn, og blir varsla på SMS og/eller epost når det er sendt ut.
Dersom du ikkje er elektronisk brukar, kan du i nokre tilfelle få svaret som brevpost.
Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema. Telefon 800 80 000
Kontaktinformasjon - https://www.skatteetaten.no/nn/kontakt-oss/