Starte og registrere eit aksjeselskap (AS)

Når du skal starte eit aksjeselskap må du velje namn, stifte selskapet og skaffe aksjekapital. Deretter skal selskapet registrerast. Her får du vite kva som krevst for å starte eit aksjeselskap, og korleis du går fram når du skal registrere selskapet.


Føresetnader for å starte eit aksjeselskap:

  • Eit aksjeselskap kan stiftast av ein eller fleire personar. Både fysiske personar og juridiske personar (eksempelvis aksjeselskap) kan vere stiftarar.
  • For å vere stiftar eller ha ei anna rolle i eit aksjeselskap må du ha fylt 18 år.
  • Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).

  
Stifte og registrere aksjeselskap

Slik stiftar og registrerer du eit aksjeselskap der stiftarane og dei som skal ha roller i selskapet har norsk fødselsnummer eller d-nummer.

  1. Stift aksjeselskapet ved å fylle ut og signere skjemaet "Stifting av aksjeselskap"
  2. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar). Ved tingsinnskot må revisoren stadfeste verdien av tingsinnskotet.
  3. Registrer aksjeselskapet ved å følgje lenkja "Gå til registrering i Føretaksregisteret" i meldinga du har mottatt i "Innboksen" i Altinn. Du må legge ved stadfesting av innbetalt aksjekapital og eventuelt utgreiing av tingsinnskot og revisor si stadfesting av denne.
  4. Send meldinga til signering og signer meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og den som har stadfesta innbetalinga av aksjekapitalen (banken eventuelt revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar) må signere elektronisk på stadfestinga om at aksjekapitalen er innbetalt. Har aksjeselskapet valt å ha revisor må revisoren signere elektronisk på meldinga.

Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.

Manglar nokre av stiftarane norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.

  2. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfesting kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar). Ved tingsinnskot må revisoren stadfeste verdien av tingsinnskotet. 
  3. Registrer aksjeselskapet ved å nytte skjemaet Samordna registermelding.

    Registrér aksjeselskapet (skjema Samorda registermelding – hovedblankett)

    Legg ved stiftelsesdokument, vedtekter og stadfesting på innbetalt aksjekapital.
  4. Send meldinga til signering og signer meldinga. Heile styret må signere meldinga elektronisk, og banken (eventuelt revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar) må signere elektronisk på stadfestinga om at aksjekapitalen er innbetalt. Har aksjeselskapet valt å ha revisor må revisoren signere elektronisk på meldinga.

Når selskapet er registrert får innsendaren beskjed om dette i «Innboksen» i Altinn.

Manglar nokre av dei som skal ha ei rolle i selskapet norsk fødselsnummer eller d-nummer?

  1. Stift aksjeselskapet ved å utarbeide stiftelsesdokument og vedtekter og signer desse.
  2. Be banken om å opprette ein aksjekapitalkonto. Betal inn aksjekapitalen (minimum 30 000 norske kroner) og be om stadfesting frå banken. (Stadfestinga kan også gjevast av revisor, advokat eller autorisert rekneskapsførar). Ved tingsinnskot må revisoren stadfeste verdien av tingsinnskotet. 
  3. Registrer aksjeselskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av aksjeselskap (Samordna registermelding – Hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket).

    Registrér aksjeselskapet (skjema Samorda registermelding – hovedblankett)


    Brønnøysundregistera – søknad om d-nummer


    Legg ved orginal stadfesting på innbetalt aksjekapital og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon for den eller dei som søkjer om d-nummer.
  4. Send skjemaa samla til postadressa som står oppgjeven på skjemaet for registrering av aksjeselskap.

Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.

 

Brønnøysundregistera om stiftelse av aksjeselskap

Brønnøysundregistera om registrering av aksjeselskap (AS)

Utanlandsk statsborgar

Dersom du er statsborgar i eit land utanfor EU/EØS, og planlegg å drive verksemd i Noreg, må du ha opphaldsløyve for arbeid. Du finn vilkåra for opphaldsløyve for arbeid hos Utlendingsdirektoratet (UDI). 

UDI – søk om opphaldsløyve

Namn på aksjeselskap

Aksjeselskap må ha nemninga "aksjeselskap" eller forkortinga "AS" framfor  eller bak føretaksnamnet. Les meir om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).

Frist for registrering

Melding om registrering av selskapet må vere mottatt av Føretaksregisteret seinast tre månader etter at føretaket er stifta. Selskapet er stifta når den siste stiftaren har underteikna stiftelsesdokumentet. Selskapet kan normalt ikkje ta på seg forpliktingar før det er registrert.

Kor lang tid tek det?

Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera vil variere gjennom året.

Brønnøysundregistera – oversikt over saksbehandlingstider

Kva kostar det?

Registrering av eit aksjeselskap kostar 5 570 kroner ved elektronisk registrering i Altinn, og 6 797 ved registrering på papirskjema.
Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.

Drive aksjeselskap

Når du har registrert eit aksjeselskap bør du setje deg inn i reglane for drift av aksjeselskap.

Åpne kontaktskjema