Søknad om varemerkeregistrering (PS-201)
Her søkjer du om registrering av varemerke. Varemerket kan vere eit namn, ein logo, eit slagsord eller eit anna kjenneteikn som du kan bruke for å skilje varene og tenestene dine frå andre sine. Skjemaet blir også brukt for fellesmerke og garanti- eller kontrollmerke.
Kven skal bruke skjemaet?
Privatpersonar, føretak eller fullmektigar som representerer ein søkjar, kan sende inn søknad. Dersom du søkjer på vegner av ei verksemd, må du be dagleg leiar gi deg tilgangspakken «Forhold ved virksomheten- Patent, varemerke og design». Altinn - Be om fullmakt.
Meir om skjemaet
Du kan ta ein pause medan du fyller ut søknaden. Opplysningane dine blir lagra.
Søknaden din og alle dokument som høyrer til søknaden, blir publisert i varemerkeregisteret vårt.
Vi skjermar som hovudregel sensitive opplysningar og teiepliktig informasjon. Du kan be oss om å unnta forretningsløyndomar frå offentleg innsyn. Marker tydeleg kva opplysningar i søknaden eller i vedlegg du ønskjer å få unnatekne. Vi vurderer deretter om opplysningane kan unntakast frå offentleg innsyn.
Du får raskast saksbehandling dersom du bruker førehandsgodkjende varer og tenester og betaler når du leverer søknaden. Dersom du skriv inn eigne varer og tenester, kan sakbehandlingstida bli fleire månader lengre.
Kva skjer etter at skjemaet er sendt inn?
Søknadskvittering og eventuell betalingskvittering blir vist når du har levert søknaden. Dei ligg også i arkivet ditt i Altinn.
Du finner brev frå oss i innboksen din i Altinn. Brev blir også publisert i varemerkeregisteret.
Du finn meir informasjon om kva du må tenkje på før du søkjer, og kva som skjer under og etter saksbehandlinga, på nettsida vår: Søknadsprosess for varemerke - steg for steg.
