Frå og med 9. april 2022 er det gjort endringar i Navs teneste på Altinn. Endringa påverkar distribusjon av oppgjersrapport K27 – refusjonar frå NAV.

Dersom juridisk eining og undereining er registrert med same bankkontonummer, vil oppgjersrapporten gå til juridisk eining, i motsetning til tidlegare kvar denne gjekk til undereining.

Ønskjer de framleis at oppgjersrapporten skal gå til undereining, må det registrerast kontonummer ulikt det som er registrert på juridisk eining.

Om denne tenesta

Utsendingsfrekvens

Månadleg.
Oppgjersrapport K27 inneheld månadleg oppgjer og blir gjort tilgjengeleg i Altinn innan 2 yrkesdagar etter månadsskifte.

Hvor lenge ligger rapporten i Innboksen

  • Rapporten vil være tilgjengelig i Altinn i 1 år etter utsendinga.

Private føretak og offentlege verksemder som oppfyller kravet for å motta refusjon vil kunne hente ut rapporten. I hovudsak er dette bedrifter og organisasjonar som har forskuttert sjuke-, fødsels og/eller adopsjonspengar for arbeidstakarar utover «arbeidsgivarperioden» på 16 dagar.

For private verksemder og offentlege føretak som er organisert som privat verksemd:
K27 Oppgjersrapport er berre tilgjengeleg i motteke-boksen til hovudeininga - ikkje til undereining (bedrift).

For offentlege føretak:
K27 Oppgjersrapport er tilgjengeleg i motteke-boksen til hovudeininga og til undereininga (bedrift). Merk: Rapporten blir lagt til den undereininga som er oppgitt i Aa-registeret som giroadresse.

For å lese rapporten treng du ein av desse Altinn-rollane: 
Ansvarleg revisor
Løn og personalmedarbeidar
Regnskapsførar lønn
Regnskapsførar med signeringsrettighet
Regnskapsførar uten signeringsrettighet
Revisormedarbeidar

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida Profil. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Tenesta inneheld noko sensitiv informasjon og krevjer derfor minimum innlogging med tryggleiksnivå 3. (Tryggleiksnivå blir vist med ikon ved sida av innloggingsval.)

Meir informasjon finn du i "Guide til NAV sine tenester i Altinn" i høgremeny og på NAV-tenester Altinn.

Korleis lese eller laste ned rapporten:

Rapporten vil du finne som eit vedlegg til meldinga i din "Til mi handsaming"-boks. Vedlegga vil visast som: 

  1. Rapport i PDF-format som kan opnast for lesing eller utskrift
  2. CSV-fil som kan lastast ned og overførast til bedrifta sitt løns- og økonomisystem.

Ein må opne/laste ned filene for vidare bruk i eiga verksemd. Når meldinga med vedlegget er opna vil det bli registrert som om rapporten er lest eller lasta ned.

Finn du ikkje Oppgjersrapporten i «Til mi handsaming»-boksen?
  • Sjekk at riktig føretak (hovudeining eller undereining) er vald i «Rapporterer for» feltet øvst på sida
  • Les «Kven kan nytte tenesta» i avsnittet under
  • Sjå «Når er tenesta tilgjengeleg» nedst på sida

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål om rapporten, kontakt NAVs arbeidsgivertelefon: 55 55 33 36 (tast 1).

Åpne kontaktskjema