Støtte til nordiske film- og TV-produksjonar

Nordisk Film & TV Fond fremjar nordisk film- og TV-produksjon av høg kvalitet ved å gje støtte i form av toppfinansiering til produksjon av spelefilm, tv-fiksjon/serie og kreativ dokumentarfilm.


Fondet fremjar sameleis som toppfinansiør distribusjon og versjonering av nordisk film i Norden og filmkulturelle tiltak av profesjonell nordisk interesse. Fondet vil også kunne initiere strategisk utviklingsstøtte til tverrnasjonale og gjerne tverrmediale tiltak. Fondet annonserer via heimesida når eit tiltak vert sett i gong.

Kva kan du søkje støtte til:

Produksjonsstøtte

  • Spelefilm
  • TV-fiksjon/seriar
  • Dokumentar

Produksjonsstønad kan berre søkjast av nordiske produksjonsselskap som er hovudprodusenten for prosjektet.

Prosjektet må av fondet bli vurdert til å ha eit stort publikumspotensial, primært i Norden og sekundært på den globale marknaden.

Kinodistribusjon
Ein film som søkjer distribusjonsstøtte, skal ha fått ei god mottaking av det nasjonale publikummet, eller ha eit stort publikumspotensial innan målgruppa si i eitt eller fleire nordiske land.
Støtte kan berre søkjast av nordiske distribusjonsselskap i det landet kor filmen skal setjast opp.

Versjonering
Denne støtta blir gjeven for å versjonere ein nordisk film til eit anna nordisk språk og blir normalt berre gjeven til filmar for barn og unge.
Støtte kan berre søkjast av nordiske produksjonsselskap eller distribusjonsselskap i det landet kor filmen skal setjast opp.

Distribusjon (enkeltfilm / slate) og dubbing
Nordiske distributørar av ikkje-nasjonale nordiske filmar kan søkje om VOD eller kino distribusjonsstøtte for ein enkeltfilm eller 'slate' finansiering for opptil tre filmar.
For å få støtte må dei enkelte filmane ha blitt godt mottekne heime eller ha eit stort publikumspotensial i målgruppa i eit eller fleire nordiske land.

Filmkulturelle initiativ
Denne støtta kan bli gjevast til spesielle filmkulturelle initiativ i form av workshops, seminar eller festivalprogram som kan styrkje kompetansen i det fellesnordiske profesjonelle film- & TV-miljøet. Støtte kan berre søkjast av arrangøren for initiativet.

Strategisk utviklingsstøtte
Fondet kan gje strategisk utviklingsstøtte til tverrnasjonale og særleg tverrplattforminitiativ. Det vert kunngjort på nettsidene til fondet når dette er aktuelt.

Nordisk Film & TV Fond om støtteordningane

Åpne kontaktskjema