Skogbruk

Landbruksdirektoratet har fleire ordningar innan skogbruk.


Landbruksdirektoratet er nasjonal fagmyndigheit på skogbruksområdet med hovudoppgåve å sette i verk skogpolitikken.

Desse ordningane er retta mot den enkelte skogeigaren:

Skogfondsordninga

Skogfondet er ei lovpålagt fondssparing for alle som eig skog. Skogfondet består av midlar som skogeigarane pliktar å sette av ved alt sal av tømmer og biobrensel. Formålet med ordninga er å sikre finansiering av ei berekraftig forvaltning av skogressursane. Skogfondet skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for langsiktige investeringar, og sikre viktige miljøverdiar i den skogen som virket kjem frå, eller i annan skog som skogeigaren har. Alle skogeigarar skal ha sin eigen skogfondkonto. Pengane på skogfondkontoen følger skogeigedommen og tilhøyrer skogeigar.

  • Skogfondsystemet: Tenesta gir skogeigaren oversikt over eigen skogfondkonto og moglegheit til å registrere kostnader som skal dekkjast med skogfond (refusjonskrav).
  • Skogfond og tømmeravverking: Skogeigaren kan sjølv registrere ekstra avsetjing av skogfond og eventuelt småsal frå eigen skog.

Tilskotsordningar

  • tilskot til gjødsling av skog som klimatiltak
  • tilskot til miljøtiltak i skog
  • tilskot til opprydding av vindfall eller storm eller tilsvarande hendingar
  • tilskot til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar
  • tilskot til skogkultur
  • tilskot til skogdrift med taubane, hest og andre driftsmetodar
  • tilskot til tettare skogplanting som klimatiltak
  • tilskot til tømmerkai
  • tilskot til vegbygging i skog

I alle saker må skogeigaren rette seg etter kommunen, som er skogbruksmyndigheit i første instans. Dette inneber at kommunen har ansvaret for å behandle saker etter skogbruksloven. Kommunen skal føre tilsyn med at reglane i loven blir overhaldne.

Landbruksdirektoratet om ordninga for jordbruk

Skogfondsystemet

Skogfond og tømmeravvirkning

Åpne kontaktskjema