Har bedrifta di konkrete planar om å veksa utanfor Noreg, men manglar tryggleikar for å kunne oppnå fullgod bankfinansiering? Vekstlån gir bedrifter auka arbeidskapital for å akselerera veksten på internasjonale marknader.
Vekst kostar ofte meir og tek lenger tid enn anteke. Med Vekstlån kan Innovasjon Noreg finansiera 10-25 millionar kroner av arbeidskapitalbehovet til bedrifta, utan samtidig å stilla strenge krav til tryggleikar.
Målgruppa er eksportbedrifter som har noko omsetning og erfaring frå geografiske marknader utanfor Noreg, og med eit uforløyst potensial for vidare vekst.
Målgruppa er eksportbedrifter med eit uforløyst potensial for vidare vekst. Bedrifta må i hovudtrekk ha følgjande kjenneteikn:
Bedrifta har ein avgrensa og usikker realisasjonsverdi på pantbare aktivum, noko som hindrar tilfredsstillande finansiering frå bankar.