Garantiordninga for fiskarar
Gjelder for året 2026. For Året er delt inn i 2 garantiperiodar:
02.01. - 30.06. Søknadsfrist 31.08.26
01.07. - 23.12. Søknadsfrist 28.02.27
Garantiordninga gjeld når fartøy driv fiske og i situasjonar ved mellombels driftsstans, medrekna:
ved ulønnsamt fiske
i reguleringsperiodar
driftsstans som følge av at fiskemottaka grunna marknadssituasjonen ikkje tar imot leveransar
i tidsrom mellom turar/sesongar (også i samband med vanleg vedlikehald av fartøy og utstyr)
Du er omfatta av garantiordninga når:
du er ført opp på blad B i fiskarmanntalet eller fyller krava for opptak
all fangst må være omsett gjennom lovbeskytta salslag eller kjøpar godkjend av salslag. Unntak er fiske og dyrefangst i havet som ikkje er underlagt lovbeskytta omsetning
fartøyet er meldt inn i Registeret over merkepliktige norske fiskefarkostar
ordninga gjeld for fiskefartøy på 6 meter lengste lengde og over
fartøy og utrusting må vere av alminneleg god standard og fylle dei krava lova set til sikkerheitsforskrifter og liknande
Kven kan søkje:
Båteigaren eller den som har ansvaret for oppgjer med mannskapet.