Finansiering av kurs for reiselivet

Innovasjon Noreg organiserer kurs for reiselivsnæringa, ofte i samarbeid med andre aktørar i bransjen. Bedrifter, nettverk eller organisasjonar som ønskjer å køyra slike reiselivskurs kan søkja om finansiering.


Innovasjon Noreg tilbyr desse reiselivskursa:

  • Opplevingskurset
  • Skap synlighet

Før kurset blir sett i gang må det vera bindande påmelding frå minimum ti bedrifter, og alle deltakarane på kurset skal vera frå reiselivsbedrifter og relevante servicebedrifter i regionen.

Det lokale Innovasjon Noreg-kontoret ditt kan fortelja deg  om det finst midlar igjen på budsjettet til å arrangera kurs. Dei kan hjelpa deg med søknaden og sjekka om tilsvarande kurs skal køyrast i nærområdet av andre arrangørar, slik at det er mogleg å samarbeida.

Innovasjon Noreg om reiselivskurs

Åpne kontaktskjema