Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Starte bedrift
  4. Klage på andres bruk av føretaksnamnet ditt

Klage på andres bruk av føretaksnamnet ditt

Dersom du meiner at nokon har registrert eit føretaksnamn eller domenenamn som kan forvekslast med ditt, kan du klaga på dette.

Klage på føretaksnamn

Dersom du meiner at nokon har registrert eit føretaksnamn som kan forvekslast med føretaksnamnet eller varemerkeet ditt, kan du klage til Patentstyret ved å krevje administrativ overprøving. For å kunne klage må føretaksnamnet eller varemerket ditt vere særprega. Det betyr at det må skilje seg tydeleg frå andre sitt namn eller merke.

Krav om administrativ overprøving sender du til Patentstyret via Altinn. Du må betale eit gebyr for å få klagen behandla.

Klage på domenenamn

Om nokon har registrert eit domenenamn du meiner du har rett til, for eksempel føretaksnamnet eller varemerket ditt, og du meiner at den som har registrert det, måtte vere klar over dette, kan du klage til Domeneklagenemnda.

Det kostar 6 570 kroner å få klagen behandla. Beløpet blir refundert dersom du vinn saka.