Starte og registrere ansvarleg selskap (ANS/DA)
Føresetnader for å starte eit ansvarleg selskap (ANS/DA):
- Eit ansvarleg selskap må ha minst to deltakarar. Både fysiske og juridiske personar (eksempelvis eit aksjeselskap eller ei foreining) kan vere deltakarar.
- Personar som skal vere deltakarar eller ha ei anna rolle i eit ansvarleg selskap må ha fylt 18 år.
- Selskapet må ha ei norsk forretningsadresse (det vil seie ei norsk fysisk adresse som vert oppgjeven med gate eller veg, husnummer, postnummer og stad. Postboksadresse vert ikkje godteken).
Registrering av ansvarleg selskap kostar 3 379 ved elektronisk registrering.
Når registreringar er ferdig behandla får selskapet eit organisasjonsnummer. Innsendaren får beskjed om dette i "Innboksen" i Altinn.
Manglar nokon av dykk norsk fødselsnummer eller d-nummer?
- Stift selskapet ved å utarbeide, datere og signere ein selskapsavtale.
Eksempel på selskapsavtale for ansvarlig selskap med solidarisk ansvar ANS
Dersom deltakarane skal gjere innskot i selskapet skal dette opplysast i selskapsavtalen. - Registrer selskapet ved å fylle ut papirskjema for registrering av ansvarleg selskap (Samordna registermelding – hovudblankett) og søknad om d-nummer (eit skjema for kvar person som har behov for d-nummer fordi dei skal ha ei rolle i føretaket). Legg ved selskapsavtalen og stadfesta kopi av gyldig legitimasjon. (Om selskapet skal ha styre og/eller revisor må du leggje ved protokoll frå selskapsmøtet som viser vala, og original stadfesting frå revisor (viljeserklæring). Deltakarane, eventuelt styre dersom selskapet har det, må signere Samordna registermelding. Underskriftene må vere i original.
Når registreringa er ferdig behandla vert svaret sendt til innsendaren.
Registrering av ansvarleg selskap kostar 3 925 (eingongsgebyr frå Føretakregisteret)
Ved registrering får selskapet eit organisasjonsnummer.
Namn på ansvarleg selskap (ANS/DA)
Ansvarlege selskap med solidarisk ansvar (ANS) må ha nemninga "ansvarleg selskap" eller forkortinga "ANS" bakarst i føretaksnamnet. Ansvarlege selskap med delt ansvar (DA) må ha føretaksnemninga "delt ansvar" eller forkortinga "DA" bakarst i føretaksnamnet.
Les om val av namn (domenenamn, føretaksnamn og varemerke).
Kor lang tid tek det?
Saksbehandlingstidene hos Brønnøysundregistera varierer gjennom året.
Kompanjongavtale
Kombinasjonen personleg ansvar og at deltakarane tek avgjerder i fellesskap, kan føre til usemje mellom deltakarane. Det kan derfor vere fornuftig at deltakarane inngår ein kompanjongavtale. Dette er ikkje lovpålagt.
Drive ansvarleg selskap
Når du har registrert eit ansvarleg selskap bør du setje deg inn reglane for drift av ansvarleg selskap.
Endring ANS/DA
Endring frå ansvarleg selskap med solidarisk ansvar (ANS) til ansvarleg selskap med delt ansvar (DA) eller frå DA til ANS kan gjerast utan å skifte organisasjonsnummer.