Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Starte og drive bedrift
  3. Drive bedrift
  4. Drift av ansvarleg selskap

Drift av ansvarleg selskap

Ansvarlege selskap blir drifta av deltakarane. Eit ansvarleg selskap blir organisert med selskapsmøtet på toppen og eventuelt eit styre og/eller ein dagleg leiar.

Selskapsmøtet

Selskapsmøtet er øvste styresmakt i eit ansvarleg selskap og består av deltakarane. Det er deltakarane samla som i selskapsmøtet kan fatte avgjerder i alle saker. Deltakarane kan òg velja å opprette eit styre som vil ha ansvar for forvaltninga av selskapet mellom selskapsmøta. Dersom det blir valt styre med varamedlemmer, skal både styremedlemmer og varamedlemmer meldast til Brønnøysundregistera på Samordnet registermelding. Ver merksam på at alle som skal ha ei rolle må signera meldinga for å stadfesta at ein tek på seg oppdraget.

Det er selskapsmøtet som vel styremedlemmene og eventuelt varamedlemmene. Selskapsmøtet har instruksjons- og omgjeringsmyndigheit. Dersom selskapet har styre eller har tilsett ein dagleg leiar, som ikkje er deltakar, har desse møteplikt i selskapsmøtet.

Innkalling til selskapsmøtet

Det blir ikkje stilt strenge krav til innkallinga til selskapsmøtet. Det er for eksempel ikkje krav til skriftleg framstilling, så innkallinga kan skje på annan formålstenleg måte. Innkallinga må oppgi kva som skal behandlast. Deltakarane må få innkallinga i tilstrekkeleg tid i forkant, slik at dei kan sette seg inn i dagsordenen. Både den enkelte deltakaren, ein eventuelt styremedlem eller dagleg leiar/forretningsførar kan kalle inn til selskapsmøte.

Gjennomføring av selskapsmøtet

Det er berre deltakarane som kan stemme på selskapsmøtet, og vedtak må vere samrøystes, sjå selskapslova om kva krav som blir stilte til stemmegiving og protokollføring. Dersom deltakarane ønsker å vike av frå hovudregelen om kven som har stemmerett, og kravet om å vere samrøystes, må dette gjerast i selskapsavtalen.

Digitale møte er i dag jambyrdig med fysiske møte. Det normale med digitale møte er å bruke ulike løysingar for telefon, videomøte eller ein app for digitale møte. Det skal leggast til rette for samtidig deltaking og moglegheit for dialog mellom deltakarane.

Signatur

I eit ansvarleg selskap utan styre er det kvar enkelt deltakar som har signaturrett om ikkje anna er avtalt. Signaturrett er fullmakt til å opptre og skrive under, på vegner av selskapet, i alle samanhengar. Det kan avtalast at ein eller fleire deltakarar skal ha signaturrett, kvar for seg eller i fellesskap.

Dersom selskapet har styre, er det styret i fellesskap som har signaturrett om ikkje anna er avtalt. Selskapsmøtet kan bestemme at eitt eller fleire styremedlemmer skal ha signaturrett, kvar for seg eller i fellesskap. Selskapslova opnar ikkje for andre signaturreglar.

Endringar av signatur melder ein via Samordnet registermelding. Protokollen frå selskapsmøtet skal leggast ved. Protokoll frå møtet der signatur eller prokura blei gitt, må klart vise vedtaket, kven som har blitt tildelt signatur eller prokura. 

Prokura

Selskapsmøtet, eventuelt styret, har også høve til å tildele prokura. Det er ei avgrensa fullmakt til å opptre og skrive under på vegner av selskapet i den daglege drifta. Den som er tildelt prokura kan ikkje pantsette eller selje den faste eigedommen til selskapet. Selskapsmøtet, eventuelt styret, kan gi prokura til ein eller fleire personar, kvar for seg eller i fellesskap. Registrering eller endring av prokura melder ein via Samordnet registermelding. Protokoll frå selskapsmøtet skal leggast ved. Den må klart vise vedtaket og kven som er blitt tildelt signatur eller prokura.

Endring i deltakarsamansetninga

I utgangspunktet kan ikkje ein selskapsdel overdragast til ein ny eigar utan at dette blir godkjent av dei andre deltakarane. Dette kan fråvikast i selskapsavtalen.

Det kan også avtalast særskilt at dei andre deltakarane skal ha forkjøpsrett. Den som eventuelt nyttar seg av ein forkjøpsrett skal betale det delen er verd.

Dersom dei andre deltakarane godkjenner overdraginga, tar den nye deltakaren over alle rettar og plikter som den gamle deltakaren hadde ovanfor dei andre deltakarane.

For kreditorane til selskapet er ny og gammal deltakar solidarisk ansvarlege for forpliktingane til selskapet ved eigarskifte.(Solidarisk ansvarleg betyr at ein kreditor kan krevje gjelda frå enten ny eller gammal deltakar når gjelda frå før eigarskiftet skal krevjast inn.)  Ny deltakar kan skriftleg be kreditorane til selskapet om å bli fritatt for dette ansvaret.

Deltakar fråtrer

Ein deltakar kan med seks månaders skriftleg varsel seie opp deltakarforholdet sitt direkte til dei andre deltakarane. Deltakaren har da krav på å få utbetalt den verdien som delen er verd ved utgangen av oppseiingstida. Det kan avtalast både kortare og lengre oppseiingstid.

Ved tre høve kan ein deltakar seie opp deltakerforholdet sitt med omgåande verknad: 

  • Dersom selskapsforholdet er vesentleg misleghalde.
  • At deltakaren er blitt nedstemd ved fleirtalsvedtak i eit vesentleg spørsmål.
  • At det ligg føre rimelegheitsomsyn som gir grunnlag for at deltakaren kan seie opp deltakarforholdet.

Om det ligg føre grunnlag for omgåande oppseiing av deltakarforholdet må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle. Deltakaren har da krav på å få utbetalt den verdien som delen var verd direkte før utløysningsårsaka låg føre.

Ein deltakar som trer ut av selskapet er ansvarleg for forpliktingar som oppstod før deltakaren tredde ut av selskapet.

Utestenging av deltakar

Ein deltakar kan skriftleg krevje at selskapsmøtet vedtar utestenging av ein annan deltakar. Eit slikt krav må meldast innan rimeleg tid etter at grunnen til kravet om utestenging oppstod. Om det ligg føre grunnlag for utestenging av ein deltakar må vurderast konkret i kvart enkelt tilfelle.

Korleis melde endringar i deltakarsamansetning?

Alle endringar i deltakarsamansettinga skal meldast til Føretaksregisteret ved at ny selskapsavtale blir send inn saman med Samordna registermelding. Samordna registermelding må signerast av nye og eksisterande deltakarar. Deltakarar som går ut av selskapet må signere ei erklæring om at dei trekker seg ( erklæringa skal leggast ved samordna registermelding).

Melding til Føretaksregisteret er ein føresetnad for å bli fritatt for ansvar overfor kreditorane til selskapet.

Finst det berre ein deltakar igjen i eit ansvarleg selskap, er det ikkje mogleg å drifte dette vidare. Ønsker du å fortsette drifta som eit ansvarleg selskap må du da erstatte den/dei som har gått ut. Alternativt må selskapet slettast og drifta vidareførast i eit enkeltpersonføretak.

Endre til aksjeselskap

Etter nærmare reglar kan du stifte og registrere eit aksjeselskap og drive aktiviteten vidare gjennom det nye aksjeselskapet. Aksjeselskapet vil da drivast vidare med nytt organisasjonsnummer. Dersom du oppfyller nærmare angitte vilkår vil du kunne gjere ei skattemessig omdanning.

Trenger du hjelp?

Ring oss og få gratis veiledning:

800 33 840