Drift av enkeltpersonføretak

Det finst inga lov som regulerer korleis du skal organisere og drifte ditt eige enkeltpersonføretak. Som innehavar av eit enkeltpersonføretak representerer du sjølv føretaket utetter, og det er ikkje noko skilje mellom økonomien til enkeltpersonføretaket og den private økonomien din.

Drift av ansvarleg selskap

Selskapsmøtet er øvste myndigheit i eit ansvarleg selskap og består av deltakarane. Det er deltakarane samla som i selskapsmøtet kan gjere vedtak i alle saker. Deltakarane kan også velje å opprette eit styre som vil ha ansvar for forvaltninga av selskapet mellom selskapsmøta.

Drift av foreining

Ei foreining er sjølveigande og det er vedtektene som set rammene for korleis ei foreining skal organiserast, og kva for reglar som gjeld for foreininga.

Praktisk styrearbeid

Styret og styrearbeid er meir enn ei pålagd oppgåve, og eit godt fungerande styre kan vere ein ressurs for verksemda. Det er derfor viktig å vere bevisst på korleis styret er sett saman og kva for kompetanse styremedlemane har.

Samarbeid mellom verksemder

Å samarbeide med andre kan utvikle verksemda di og skape vekst. Formålet med eit samarbeid kan for eksempel vere innovasjon, utnytte kvarandre sin kompetanse eller å auke konkurransekrafta.

Reelle rettighetshavarar

Lov om reelle rettshavarar pålegg dei fleste verksemder å ha oversikt over og kunne dokumentere kven som er reelle rettshavarar i verksemda. Register over reelle rettshavarar skal ha oversikt over kven som er reelle rettshavarar og verksemda må då registrera desse i registeret. Etablering av registeret er utsett på ubestemd tid. Formålet er å skape auka openheit om kven som kontrollerer verksemda.

Budsjett i driftsfasen

Budsjettet er ei talfesting av dei framtidige planane du har for bedrifta di. Det finst ulike typar budsjett, med ulike formål.

Statistikkplikter

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for å utarbeide offisiell statistikk i Noreg. SSB treng opplysningar frå verksemder for å lage god og påliteleg statistikk som offentlege verksemder, næringsliv, forskarar og politikarar kan bruke for å planlegge for framtida. Dei fleste undersøkingane blir gjennomført månadleg, kvartalsvis eller årleg.

Skattemessig omdanning

Eit enkeltpersonføretak, selskap med deltakarfastsetjing, samvirkeføretak eller NUF (norskregistrert utanlandsk føretak), som driv verksemd i skattelovas forstand, kan etter nærmare reglar omdannast skattefritt til aksjeselskap.

Krav til innhald på nettsider og forretningsdokument

Nettsider, brev og andre forretningsdokument (fakturaar, ordresetlar, kreditnotaar og liknande) skal alltid innehalde namnet og organisasjonsnummeret til føretaket. Konvoluttar og reklamemateriell vert ikkje rekna som forretningsdokument.

Skifte organisasjonsform

Eit registrert enkeltpersonføretak, ansvarleg selskap eller aksjeselskap kan ikkje skifte organisasjonsform og samstundes behalde organisasjonsnummeret.

Forbod mot diskriminering av kundar

Alle som sel varer eller tenester i Noreg må bidra til å fremje likestilling og sørgje for å unngå å diskriminere. Lokale og løysingar skal som hovudregel bli laga slik at dei kan brukast av alle menneske i så stor grad som mogleg.

Personvern

Alle virksomheter som samler inn og bruker personopplysninger må forholde seg til personvernregelverket (GDPR).

Treng du hjelp?

Rettleiarane våre sit klare for å svare på spørsmål om å starte og drive bedrift i Noreg. Tenesta er gratis.

Telefonnummer til Altinn brukarservice 800 33 840 Skriv til oss
Åpne kontaktskjema