Meirverdiavgift

Meirverdiavgift (mva) er ei avgift som verksemda di krev inn frå kundane dine på vegner av staten. Mva må leggast på dei fleste varene og tenestene når du sel desse (utgåande mva). På same måte får du frådrag for mva for dei fleste varene og tenestene du kjøper inn til verksemda (inngåande mva).


Når skal du registrerast i mva-registeret?

Når du har selt mva-pliktige varer og tenester for over 50 000 kroner innanfor ein periode på 12 månader skal du registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret. Det skal ikkje leggast til utgåande mva på salet før verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Skatteetaten om meirverdiavgift (mva)

Skatteetaten – meirverdiavgiftshandboka

Meirverdiavgiftssatsane

25 prosent — for dei fleste varene eller tenestene
15 prosent — for mat og drikke
12 prosent — for persontransport, kinobillettar og utleige av rom

Er all omsetning mva-pliktig?

Nokre tenester, som for eksempel helsetenester, undervisningstenester og kulturelle tenester, er unntatte frå reglane i meirverdiavgiftslova. Omsetning av slike tenester gir ikkje rett til registrering i Meirverdiavgiftsregisteret, og det skal ikkje reknast utgåande mva. Du vil heller ikkje ha rett til frådrag for inngåande mva på innkjøp du gjer til ei verksemd som er unntatt frå bestemmingane i meirverdiavgiftslova.

Skatteetaten – finn ut om du må registrere deg i Meirverdiavgiftsregisteret

Nokre varer og tenester er fritatte for utrekning av mva ved omsetning, såkalla nullsats. Det gjeld for eksempel eksport, omsetning av bøker i siste omsetningsledd, sal av aviser og brukte bilar. Omsetninga er likevel omfatta av meirverdiavgiftslova og gir deg rett til registrering i Meirverdiavgiftsregisteret og frådrag for inngåande mva.

Skatteetaten om forskjellen på fritak og unntak frå meirverdiavgift

Er du i tvil om verksemda di har mva-pliktig omsetning, kan du kontakte Skatteetaten for rettleiing.

Kontakt Skatteetaten

Slik registrerer du deg i Meirverdiavgiftsregisteret

Meirverdiavgiftsregistrering skjer via Skatteetaten sine nettsider.

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Du får ikkje tildelt eige mva-nummer. For å vise at verksemda er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret fører du på bokstavane MVA etter verksemda sitt organisasjonsnummer på forretningsdokumenta.

Meirverdiavgiftlova om registreringsplikt

Førehandsregistrering

Nokre verksemder kan, under gitte føresetnader, bli førehandsregistrert i Meirverdiavgiftsregisteret. For å kunne bli førehandsregistrert må du enten ha gjort innkjøp for minst 250 000 kroner (betydelege innkjøp) som har direkte samanheng med seinare mva-pliktig omsetning, eller at den mva-pliktige omsetninga vil overstige beløpsgrensa på 50 000 kroner for registrering i mva-registeret seinast innan tre veker frå det tidspunktet omsetninga blir sett i gang.

Det er likevel ikkje lov å førehandsregistrere for betydelege innkjøp dersom ein reknar med at det vil gå mindre enn fire månader frå søknadstidspunktet til registreringsgrensa blir nådd.

Blir du førehandsregistrert, er verksemda mva-registrert og har alle rettar og plikter som dette fører med seg.

Skatteetaten om førehandsregistrering

Den første mva-pliktige fakturaen din

Eksempel:

Som eit eksempel kan vi anta at du tidlegare har sendt fakturaer for til saman 40 000 kroner. Ettersom du ikkje er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret har du ikkje fakturert sala/oppdraga med mva. Nå har du fullført eit nytt oppdrag, og skal fakturere kunden 15 000 kroner. Du kan da gjere følgjande:

  • Du skriv ut fakturaen utan mva, og informerer samtidig kunden om at det vil komme ein tilleggsfaktura på mva.
  • Du registrerer deg i Meirverdiavgiftsregisteret.
  • Du får tilbakemelding om at bedrifta er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.
  • Saksbehandlingstida varierer frå same dag til nokre veker avhengig av saksbehandlingsforløp.
  • Du kan nå sende faktura på mva for fakturaen som gjorde at beløpsgrensa blei passert.
  • Heretter legg du til mva på sala.

Både avgiftspliktig og avgiftsunntatt omsetning

Når du sel både avgiftspliktige og ikkje-avgiftspliktige varer/tenester, har du delt omsetning. Da skal det berre bli lagt til mva på det avgiftspliktige salet. Når du gjer innkjøp som er til bruk i begge delane av verksemda, må du fordele inngåande mva forholdsmessig mellom den avgiftspliktige og avgiftsunntatte delen. Du vil altså ikkje ha frådragsrett for inngåande mva på innkjøp som berre er til bruk i den avgiftsunntatte delen av omsetninga di.

Omsetninga av avgiftsunntatte varer/tenester vil ikkje vere med i utrekningsgrunnlaget for når verksemda skal mva-registrerast.

Frivillig registrering

Nokre få verksemdsområde, som i utgangspunktet er unntatte frå plikta til å registrerast i Meirverdiavgiftsregisteret, har moglegheit til frivillig registrering. Desse kan da få frådrag for inngåande avgift på innkjøp til bruk i verksemda. Dette kan for eksempel gjelde frådrag for mva på oppføringskostnader, oppvarmingskostnader og vedlikehald i samband med utleige av næringslokale.

Får eg mva tilbake?

Etter at verksemda di er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, vil du få tilbake mva på varer og tenester som blir kjøpte til verksemda (inngåande mva). I mva-meldinga blir inngåande mva motrekna mot utgåande mva (mva på det du sel). Nå ser du om du må betale inn eller får tilbake mva for den aktuelle perioden.

Du kan berre få tilbake mva på innkjøp der seljaren er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret og der det på salsdokumentet er ført på seljaren sitt organisasjonsnummer og bokstavane MVA.

Dersom dette manglar på ein betalt faktura, kan du ikkje krevje frådrag for inngåande mva. Er du usikker på om seljaren er registrert for mva, skal du sjekke dette. Det kan du gjere via "Finn verksemd" hos Brønnøysundregistera.

Brønnøysundregistera — finn verksemd

Tilbakegåande avgiftsoppgjer

Du kan krevje å få tilbake mva på innkjøp du gjorde før du blei registrert i Meirverdiavgiftsregisteret - inntil tre år tilbake i tid. Føresetnaden er at vara ikkje er vidareseld utan mva, og at ho var til bruk i den avgiftspliktige verksemda. Kravet tar du med på mva-meldinga for den terminen verksemda blir mva-registrert.

Det er ikkje krav til å sende inn dokumentasjon over innkjøpa. Dokumentasjonen skal likevel vere tilgjengeleg i rekneskapen til verksemda og skal kunne bli lagt  fram ved førespurnad.

Meirverdiavgiftslova

Meirverdiavgiftslova om innkjøp gjort før registrering

Forskrift til meirverdiavgiftslova

Sletting frå Meirverdiavgiftsregisteret

Når meirverdiavgiftspliktig omsetning opphøyrer, enten fordi verksemda opphøyrer eller verksemda blir endra til berre å ha meirverdiavgiftsunnteken omsetning, skal verksemda sende melding om sletting frå Meirverdiavgiftsregisteret.

Dersom mva-pliktig omsetning eit enkelt år er under 50 000 kroner (beløpsgrensa for registrering i Meirverdiavgiftsregisteret), vil ikkje dette i seg sjølv føre til at verksemda må slettast frå Meirverdiavgiftsregisteret. Men fortset omsetninga å vere under beløpsgrensa i dei to neste åra, skal verksemda slettast frå Meirverdiavgiftsregisteret.

Sletting frå Meirverdiavgiftsregisteret gjer du i Skatteetaten si digitale løysing:

Skatteetaten – registrering i Meirverdiavgiftsregisteret

Åpne kontaktskjema