Purring og inkasso

Dersom kundane ikkje betalar, tapar du fort pengar. Det er derfor viktig å følgje opp kundefordringane heile tida.


Sende purring eller inkassovarsel

Etter forfall er det fritt opp til deg kor lenge du vil vente med å purre på innbetalinga, og kor mange gonger du vil purre før du eventuelt sender inkassovarsel. Du kan gjerne purre dagen etter forfall om du ønskjer. Du kan også sende inkassovarsel dagen etter forfall, utan noka føregåande purring.

Skal du krevje gebyr på purringa må følgjande krav vere oppfylte:

  • Minst 14 dagar sidan forfall
  • Purringa skal sendast skriftleg. Elektronisk kommunikasjon kan nyttast
  • Det må vere ein betalingsfrist på 14 dagar
  • Du kan maksimalt krevje to purregebyr. Anten for to purringar, eller for ei purring og eitt inkassovarsel
  • Det må kome fram kva kravet gjeld. Det held likevel med å vise til fakturanummeret
  • Storleiken på beløpet

 

  • Vel du å sende inkassovarsel, er det eit sett reglar som må følgjast for at inkassovarselet skal vere gyldig:
  • Eit inkassovarsel skal sendast skriftleg. Elektronisk kommunikasjon kan nyttast
  • Inkassovarselet må vere tydeleg merka med "Inkassovarsel" eller "Varsel om inkasso"
  • Det kan sendast dagen etter forfall på opphaveleg faktura dersom du ikkje vil krevje purregebyr
  • Dersom du vil krevje purregebyr må du vente med å sende varselet til 14 dagar etter forfall
  • Betalingsfristen må vere på 14 dagar
  • Det må klart kome fram at saka vert send til inkasso eller vert overført til eit inkassobyrå for vidare inndriving, dersom beløpet ikkje vert betalt

Inkassolova om inkassovarsel og betalingsfrist

Det skal ikkje reknast meirverdiavgift av desse purregebyra.

Inkassoforskriften – fordringshavers rett til gebyrmessig erstatning

Forseinkingsrente

  • Du kan leggje til rente på eit krav dagen etter at betalingsfristen har gått ut, dersom fristen er skriven på fakturaen. Dersom ikkje, kan du leggje til rente tidlegast 30 dagar etter fakturadatoen.
  • Finansdepartementet fastset to gonger i året ein maksimal sats for forseinkingssrenta.
  • Næringsdrivande: du kan avtale ein høgare rente enn maksimal rentesats med næringsdrivande kundar
  • Forbrukarar: du kan ikkje krevje ei høgare rente enn maksimal rentesats frå privatkundar.

Finansdepartementet om forsinkelsesrente

Kalkulator for forsinkelsesrenten

Finansdepartementet om forsinkelsesrente og standardkompensasjon

Forsinkelsesrenteloven

Standardkompensasjon

For næringsdrivande kundar eller offentlege styresmakter kan du krevje inntil 470 kroner i kompensasjon for innkrevingskostnader dagen etter betalingsfristen.

Usemje om kravet

Dersom kunden ikkje er einig i kravet kan du som hovudregel ikkje sende saka til inkasso. Då må du få dom på kravet, for eksempel i forliksrådet. Dette med mindre argumenta er openberre grunnlause. Det er du som må vurdere dette.

Framandinkasso (samarbeid med inkassoselskap

Samarbeider du med eit inkassoselskap kan du overføre saka til dei for inndriving når kravet ikkje vert gjort opp. Kor i prosessen du overfører fordringa til inkassoselskapet er opp til dykk å avtale. Mange vel å overføre alle forfalne fordringar for inndriving av inkassoselskapet og la dei gjere heile jobben. Andre vel å purre sjølv først og la inkassoselskapet sende inkassovarselet og betalingsfordringa. Inkassoselskapa får då vanlegvis dei gebyra som er kravde inn. På den andre sida slepp du å bruke tid på saka.

Eigeninkasso (krevje inn pengane sjølv)

Dersom du vel å køyre prosessen med inndriving sjølv, vert dette kalla for eigeninkasso. Nokon vel ein "snill" variant og sender fleire venlege purringar før dei sender inkassovarselet. Andre sender inkassovarselet dagen etter forfall. Korleis du vil gjere det er opp til deg. Ved eigeninkasso kan du maksimalt krevje kroner 105 i gebyr for betalingsfordringa, i tillegg til kroner 70 for sendt purring og inkassovarsel, som samla blir kroner 175.

Rettsleg inkasso/tvangsfullføring ved eigeninkasso

Dersom kunden framleis ikkje betaler, kan du be namsmannen om hjelp til å krevje inn pengane.

Politiet om begjæring av utleggsforretning

Politiet om tvangsdekning

Eksempel:

Eksempelbedriften AS har valgt eigeninkasso. Dei har valt å sende ei purring før inkassovarselet. Prosessen blir då slik:

  1. Purring med gebyr (35 kroner) sender ein 14 dagar etter opphaveleg forfall på fakturaen, med 14 dagars betalingsfrist
  2. Inkassovarsel med gebyr (35 kroner , i tillegg til kroner 35 for sendt purring
    ) sender ein 14 dagar etter purringa, med 14 dagars betalingsfrist
  3. Betalingsfordring med gebyr (105 kroner , i tillegg til kroner 70 for sendt purring og inkassovarsel) sender ein 14 dagar etter inkassovarselet, med 14 dagars betalingsfrist (varselet må innehalde informasjon om at saka vil bli sendt til namsmannen dersom oppgjer ikkje blir motteke, jfr tvangsfullføringslova §§4-18 og 4-19) 
  4. Begjæring om direkte utlegg sender ein namsmannen for tvangsfullføring, det vil seie rettsleg inndriving av kravet med bistand av myndigheitene (namsmannen).
Åpne kontaktskjema