Oversikt over sjukefråvær

Som arbeidsgivar må du halde oversikt over kor mykje arbeidstakarane er borte frå jobb på grunn av eigen sjukdom eller fordi barna deira er sjuke. Du treng ikkje å sende inn denne informasjonen, men den kan vere nyttig i arbeidet med å førebyggje sjukefråvær.


Korleis føre sjukefråværsstatistikk

Når du er arbeidsgivar må du kvart kvartal telja opp avtalte dagsverk og fråvær som kjem av sjukdom. Informasjon om korleis du bereknar sjukefråværsprosent og korleis fører sjukefråvær finn du hos NAV. Du kan bruka eit eige system, eller nytta NAV sin mal. Arbeidstilsynet kan be om å få sjå denne oversikta.

NAV om føring av sjukefråvær

Åpne kontaktskjema