Arbeidsmiljøutval (AMU)

Alle verksemder som har minst 30 tilsette har plikt til å oppretta eit arbeidsmiljøutval (AMU). Det same gjeld for verksemder med mellom 10 og 30 arbeidstakarar, når ein av partane krev det.


Kven skal vere medlem av arbeidsmiljøutval

Arbeidstilsynet kan bestemme at det skal vere arbeidsmiljøutval i verksemd som ikkje er pålagd dette. Arbeidsmiljøutvalet skal ha like mange representantar frå arbeidsgivar og arbeidstakar. Utvalet skal ha minimum fire, og helst ikkje meir enn åtte medlemmer. Viss verksemda har bedriftshelseteneste, skal ho vere representert som observatør i utvalet.

Val av medlemmer til arbeidsmiljøutval

Arbeidsgivar utpeikar representantane sine i utvalet. Ein representant frå øvste leiing skal alltid vera med i utvalet. Hovudverneombodet skal vere ein av representantane for dei tilsette. Alle tilsette, bortsett frå øvste leiing, har stemmerett og er valbare. Valet skal vere skriftleg og hemmeleg, og det skal òg veljast varamedlemmer. Valet blir leidd av eit valstyre som blir utpeika av ei lokal fagforeining. Er det fleire lokale fagforeiningar, blir valstyret utpeika av fagforeiningane i fellesskap. Blir fagforeiningane ikkje samde, blir valstyret utpeika av arbeidsgivaren. Finnes ingen lokale fagforeiningar, blir valstyret utpeika av arbeidsgivaren.

Arbeidsmiljølova om arbeidsmiljøutval

Arbeidsmiljøutvalet sine oppgåver

Arbeidsmiljøutvalet skal jobbe for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda. Dei skal delta i planlegginga av verne- og miljøarbeidet, og følgje nøye med på utviklinga av arbeidsmiljøet. Utvalet skal behandla:

a) spørsmål som gjeld bedriftshelseteneste og den interne vernetenesta
b) spørsmål om opplæring, instruksjon og opplysningsverksemd i verksemda, som har betydning for arbeidsmiljøet,
c) planar som krev Arbeidstilsynet sitt samtykke i samsvar med arbeidsmiljølova § 18-9 (samtykke ved oppføring av bygning med vidare)
d) andre planar som kan få vesentleg betydning for arbeidsmiljøet, som planar om byggjearbeid, innkjøp av maskiner, rasjonalisering, arbeidsprosessar og førebyggjande vernetiltak
e) etablering og vedlikehald av verksemda sitt systematiske helse-, miljø- og tryggingsarbeid
f) helse- og velferdsmessige spørsmål knytt til arbeidstidsordningar.

Lista er ikkje uttømmande.

Arbeidstilsynet om arbeidsmiljøutval (AMU)

Arbeidsmiljølova om arbeidsmiljøutval

Forskrift om organisering, leiing og medverknad om oppgåvene frå arbeidsmiljøutvalet

 

Åpne kontaktskjema