Kompetanse- og tjenesteutviklingstilskudd - rapportering
Skjema for rapportering av tilskot til kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid innan helse-og omsorg i kommunar, fylkeskommunar og interkommunale selskap. Skjemaet skal brukast til å dokumentere resultat og måloppnåing. Dette skjemaet nyttast av verksemder.
For å sende inn dette skjemaet må du ha ein av følgjande roller i Altinn for di verksemd: Dagleg leiar, helse-sosial-og velferdstjenester eller regnskapsmedarbeidar.
Skjemaet er tilgjengeleg frå utlysing til søknadsfristen 01. mars.
For å fylle ut dette skjemaet må du representere ein kommune, fylkeskommune, eit interkommunalt selskap eller universitet eller ein høgskule. Kommunar kan velgje å utvikle tiltak og tenester i samarbeid med andre kommunar, helseføretak, næringsliv, utdannings- og forskingsinstitusjonar, frivillig sektor eller andre aktørar. Ved samarbeid er kommunen økonomisk og administrativt ansvarleg, og skal stå som søker for heile prosjektet.
Fylkeskommunane kan berre søke om tilskot til kompetansetiltak innan psykisk helse og rusfeltet.
Treng du hjelp?
Teknisk brukarstøtte: https://www.statsforvalteren.no/hjelp