Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Skjemaoversikt
  3. Statistisk sentralbyrå
  4. Omsetning, kostnader og investeringar i næringslivet

Omsetning, kostnader og investeringar i næringslivet

Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal i hovudsak gi opplysningar om omsetning og kostnader fordelte på kvar einskild undereining. Opplysningane blir nytta til å lage statistikk som belyser den økonomiske aktiviteten i ulike næringar.

Kor ofte skal skjemaet sendast inn?

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Kven skal sende inn skjemaet?

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å kunne fylle ut og sende inn dette skjemaet, må ein ha ein av desse tilgangspakkane: «Rapportering av statistikk», «Rekneskapsførar med signeringsrett», «Rekneskapsførar utan signeringsrett», «Ansvarleg revisor», «Rekneskap og økonomirapportering» eller «Sjøfart». Tilgangspakken «Sjøfart» gir berre tilgang til skjemaene RA-0825 Sjøfart innanriks og RA-0481 Sjøfart utanriks. Ein kan også få tilgang i form av ei enkeltrett (fullmakt til enkeltteneste).

Korleis finne skjemaet?

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Korleis sjå om skjemaet er sendt inn?

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Aktuelt regelverk