Føretak som av smittevernhensyn vart pålagt full skjenkestopp eller å stenge, kan søke om kompensasjon for kostnader til tapt varelager. Ordninga gjeld for tilskotsperiodene desember 2021 og januar 2022.
Du kan lese meir om kva krav som blir stilte til føretaka som kan få tilskot på kompensasjonsordning.brreg.no
Søknadene blir behandla heilmaskinelt, men nokre av søknadene vil bli plukka ut av køen for stikkprøvekontrollar. Blir søknaden din plukka ut vil du få melding om dette i Altinn.
Fører du opp "forsettleg eller grovt aktlaust" feil opplysningar i søknaden kan tilskotsmottakar bli gitt gebyr i tillegg til at uriktig eller for høgt utbetalt tilskot vil bli kravd tilbakebetalt.
Du finn meir informasjon på kompensasjonsordning.no
Start teneste
Delegere tilgang til utfylling
Dagleg leiar, innehavar eller styreleiar i foretaket det blir søkt for kan delegere retten til å fyll ut skjemaet til andre.
Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.
Er revisoren eller rekneskapsføraren registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, har dei tilgang til å fylla ut skjemaet.
Den enkelte medarbeidaren i revisor- og rekneskapsførarføretaka har tilgang til å fylla ut om dei har ein av altinn-rollene:
Delegere tilgang til utfylling
Om føretaket har gjort avtale med ein revisor eller rekneskapsførar som ikkje er registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, må dagleg leiar, innehavar eller leiaren for styret i føretaket det søkast for gi den aktuelle revisoren/rekneskapsførar retten til å fylla ut skjemaet.
Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.
Søknaden om tilskot må signerast av ein person med nøkkelrolle i føretaket
Desse er:
Søknaden må stadfestast av ein autorisert rekneskapsførar eller ein revisor
I utgangspunktet kan dei med følgjande roller signera:
Er revisoren eller rekneskapsføraren registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, kan i tillegg medarbeidarar med følgjande altinn-roller signera:
Dersom revisoren eller rekneskapsføraren ikkje er registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, så er det i utgangspunktet berre rollene dagleg leiar, leiaren for styret, innehavar eller deltakar hos revisor/rekneskapsførar som kan signera. Skal andre enn dagleg leiar, leiaren for styret, innehavar eller deltakar hos revisor/rekneskapsførar signera, må dei få delegert rolla «Parallell signering»
Altinn-rolle
Skal du signere på vegner av eit føretak, må du ha Altinn-rolla Parallell signering.
Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, Skjema og tenester du har rett til.
Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.
Sikkerheitsnivå
Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerhetsnivå 3 eller høyere).
Kontakt brukerveiledning ved Brønnøysundregistrene
Tlf 75 00 75 05