Hopp til hovudinnhald
Digdir logoAltinn

A-melding - bestill avstemmingsinformasjon (A06)

Ny avstemmingsrapport på skatteetaten.no

Du kan no ta i bruk ein ny versjon av avstemmingsrapporten. Den nye versjonen inneheld dei same opplysningane som tidlegare. Du finn den nye avstemmingsrapporten på skatteetaten.no

Bestill rapport

Avstemmingsrapporten oppsummerer opplysningane du har sendt inn i ei eller fleire a-meldingar. Bestill ein rapport for å kontrollere kva for opplysningar du har sendt inn.

Denne tenesten er ersattet av en ny teneste på skatteetaten.no. Denne tenesten blir stengt når Altinn 2 blir sanert. Vi anbefaler at du allereie no byrjar å bruke den nye avstemmingsinformasjonen på skatteetaten.no/nn/skjema/avstemmingsinformasjon.

Når skal du bruke skjemaet?

Bruk skjemaet for å bestille ein avstemmingsrapport med ei oversikt over kva for opplysningar du har sendt inn, i ei eller fleire a-meldingar.

Oppgi år og månader rapporten skal gjelde for.

Etter at du har bestilt, blir «A07 a-melding avstemming» send til «Innboks».

Kven skal bruke skjemaet?

Alle som har sendt a-melding kan bestille avstemmingsrapport.

For å bestille treng du ei av desse rollene i Altinn:

  • Utfyllar/innsendar
  • Rekneskapsførar med signeringsrett
  • Rekneskapsførar utan signeringsrett
  • Rekneskapsførar lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeidar
  • Kontaktperson NUF

Her ser du meir informasjon og eit oversyn over alle Altinn-rolla

Logg inn for å sjå kva roller du har.
Manglar du rettar, må du få nokon som har rolla til å delegere dei til deg.

Dersom du er ukjend med rapportering i Altinn, gå til hjelpesidene.

Kva inneheld rapporten?

Avstemmingsrapporten inneheld opplysningar om:

  • arbeidsgivaravgift
  • forskotstrekk
  • inntektsopplysningar per verksemd du har sendt a-melding for


Du kan òg bestille opplysningar per inntektsmottakar om:

  • arbeidsforhold
  • inntekter
  • frådrag
  • forskotstrekk

Bestiller du rapport for éin månad, får du i tillegg oversikt over opplysningar om arbeidsforhold.

Merk at opplysningar om utleggstrekk ikkje er med i rapporten. 

Ta kontakt med Skatteetaten på telefon 800 80 000, tasteval 2-3-1 eller bruk Kontaktskjema.