Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Gi fullmakt til tilgangspakkar

Gi fullmakt til tilgangspakkar

For å gi fullmakt til tilgangspakkar må du vere tilgangsstyrar i verksemda og sjølv ha dei tilgangspakkane du vil gi fullmakt til.

Denne rettleiinga viser korleis du gir fullmakt for eiga verksemd eller for deg sjølv som privatperson. Skal du styre tilgang til klientar via tilgangspakkar, bruker du klientadministrasjon i staden.

Slik gjer du det

For å starte må du vere logga inn og representere den du vil gi tilgangspakkar for.

  1. Gå til Tilgangsstyring i hovudmenyen.

  2. Vel Brukere.

  3. Finn og vel den aktuelle brukaren frå lista.

  4. Vel Tilgangspakker.

  5. Klikk på Gi fullmakt.

  6. Vel ønsket kategori for å sjå tilgjengelege pakkar.

  7. Klikk på Gi fullmakt ved sida av tilgangspakken du vil dele.

Du kan gi fleire fullmakter i same prosess. Ei grøn stadfesting blir vist nedst på skjermen når fullmakta er gitt.

Sist oppdatert: 30.06.2026