Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Steg for steg-guider

Steg for steg-guider

Gi fullmakt til tilgangspakkar

For å gi fullmakt til tilgangspakkar må du vere tilgangsstyrar i verksemda og sjølv ha dei tilgangspakkane du vil gi fullmakt til.

Denne rettleiinga viser korleis du gir fullmakt for eiga verksemd eller for deg sjølv som privatperson. Skal du styre tilgang til klientar via tilgangspakkar, bruker du klientadministrasjon i staden.

Slik gjer du det

For å starte må du vere logga inn og representere den du vil gi tilgangspakkar for.

  1. Gå til Tilgangsstyring i hovudmenyen.

  2. Vel Brukere.

  3. Finn og vel den aktuelle brukaren frå lista.

  4. Vel Tilgangspakker.

  5. Klikk på Gi fullmakt.

  6. Vel ønsket kategori for å sjå tilgjengelege pakkar.

  7. Klikk på Gi fullmakt ved sida av tilgangspakken du vil dele.

Du kan gi fleire fullmakter i same prosess. Ei grøn stadfesting blir vist nedst på skjermen når fullmakta er gitt.

Be om fullmakt til tilgangspakkar

Slik gjer du det

  1. Vel deg selv som aktør.

  2. Gå til Meny og vel Tilgangsstyring.

  3. Klikk på Fullmakter hos andre i venstremenyen.

  4. Klikk på personen eller verksemda du ønskjer fullmakt frå.

  5. Vel Tilgangspakkar.

  6. Klikk på Be om fullmakt.

  7. Søk i lista etter riktig tilgangspakke.

  8. Klikk Be om fullmakt til høgre for tilgangspakken.

Ei grønn stadfesting vises når forespurnaden er send.

Gi fullmakt til enkelttenester

For å gi fullmakt til enkelttenester må du vere hovudadministrator, eller tilgangsstyrar og sjølv ha dei enkelttenestene du vil gi fullmakt til. Denne fullmakta kan du ha direkte, eller ha fått tildelt via ein tilgangspakke.

Berre hovudadministrator kan gi fullmakt til enkelte tenester – dei som ligg i tilgangspakken Eksplisitt tenestedelegering.

Slik finn du brukaren

  1. Vel aktøren du ønskjer å gi tilgang frå.

  2. Gå til Tilgangsstyring og vel Brukarar.

  3. Finn personen i lista. Finn du ikkje personen, klikkar du på Ny brukar og registrerer fødselsnummer eller D-nummer og etternamn.

  4. Klikk på namnet til brukaren som skal få fullmakt.

  5. Vel Enkelttenester.

Slik gir du fullmakta

  1. Klikk på Gi fullmakt.

  2. Søk i lista for å finne riktig teneste. Du kan sortere på etat for å filtrere tenestelista.

  3. Klikk på namnet til tenesten for å se meir informasjon og valmoglegheiter.

  4. Vel kva handlingar fullmakta skal gjelde for – til dømes lese, skrive eller signere.

  5. Kontroller at berre dei nødvendige handlingane er valde.

  6. Klikk på Gi fullmakt til høgre når du er ferdig med vala.

Be om fullmakt til enkelttenester

Du kan be om fullmakt når du skal utføre oppgåver på vegner av andre, manglar fullmakt til ein tilgangspakke eller ei bestemt teneste, melding, skjema eller dialog, eller når du ønskjer at ei verksemd eller person skal gi deg nødvendig fullmakt.

Slik gjer du det

  1. Vel deg selv som aktør.

  2. Gå til Meny og vel Tilgangsstyring.

  3. Klikk på Fullmakter hos andre i venstremenyen.

  4. Klikk på person eller verksemd du ønskjer fullmakt frå.

  5. Vel Enkelttenester.

  6. Klikk på Be om enkeltteneste.

  7. Søk i lista etter riktig teneste. Du kan også filtrere på etat.

  8. Klikk Be om fullmakt til høgre for tenesten.

Du får ei stadfesting når forespurnaden er sendt.

Opprette systemtilgang for eiga verksemd i Altinn

Bruk denne funksjonen når du representerer deg sjølv og di eiga verksemd. For å opprette ein systemtilgang må du vere tilgangsstyrar i verksemda og sjølv ha dei fullmaktene systemtilgangen krev.

Sjekk først om du kan opprette systemtilgangen direkte frå fagsystemet ditt. Bruk Altinn berre om det ikkje er mogleg i fagsystemet.

Er du rekneskapsførar, revisor, eller sender inn for flere juridiske verksemder, kan du ikkje opprette systemtilgang for klientane dine her – det må gjerast i fagsystemet. Etterpå kan du administrere klientane i Altinn.

Slik gjer du det

  1. Logg inn i Altinn, vel verksemda du vil representere, og gå til Systemtilgangar.

  2. Klikk på Lag ny systemtilgang.

  3. Finn og vel fagsystemet du vil opprette tilgang for.

  4. Klikk på Gå videre. Du ser no ei oversikt over kva tenester fagsystemet får fullmakt til. Dette styrer kva data systemet kan lese eller sende inn.

  5. Klikk på Opprett systemtilgang. Det kan ta opptil fem minutt før koplinga er aktiv.

Finn du ikkje fagsystemet i lista? Kontakt systemleverandøren og be dei registrere seg som systemleverandør i Altinn.

Godkjenne systemtilgang i Altinn

For å godkjenne ein forespurnad om systemtilgang må du vere tilgangsstyrar i verksemda og sjølv ha dei fullmaktene forespurnaden ber om.

Når eit fagsystem ber om fullmakt, spesifiserer det kva tilgangspakkar det trenger. Oppgava di er å kontrollere og stadfeste disse. Dette er den vanlegste måten å kople saman eit fagsystem og ei verksemd, sidan forespurnaden ofte startar direkte i systemet du brukar.

Slik gjer du det

  1. Klikk på lenka du har fått frå fagsystemet for å logge inn og godkjenne i Altinn.

  2. Gå gjennom lista over tilgangspakkar fagsystemet ber om fullmakt til. Kontroller at forespurnaden kommer frå ein leverandør du kjenner, og at tilgangane er riktige for formålet.

  3. Klikk på Godkjenn om alt ser riktig ut.

Systemtilgangen får no status som aktiv, og fagsystemet kan begynne å utveksle data med Altinn på vegner av verksemda. Det kan ta opptil fem minutt før koplinga er aktiv.

Manglar du fullmakt til å godkjenne?

Er du ikkje tilgangsstyrar med dei fullmaktene som krevs, kan du sende forespurnaden vidare internt i verksemda:

  1. Klikk på Ja, send vidare inne i forespurnaden.

  2. Du kan no trygt avslutte i nettlesaren.

Gi gjerne beskjed til dagleg leiar eller ein tilgangsstyrar med dei nødvendige fullmaktene, om at forespurnaden ligg under Systemtilgangar i Altinn.

Administrere klientar under systemtilgang

For å administrere klientar må systemtilgangen allereie vere oppretta via fagsystemet. Du må ha rolla Klientadministrator eller Dagleg leiar i verksemda – til dømes i eit rekneskapsbyrå.

Slik legg du til ein klient

  1. Vel verksemda du vil administrere klientar for.

  2. Gå til Tilgangsstyring og vel Systemtilgangar i menyen.

  3. Klikk på systemtilgangen du ønskjer å gjere endringar på.

  4. Klikk på Legg til klient eller fjern klient.

  5. Vel klienten frå lista. Lista viser klientar som er registrerte på verksemda i Einingsregisteret, eller har gitt verksemda fullmakt i Altinn.

  6. Klikk på Legg til i systemtilgang til høgre.

Du får ei stadfesting når klienten er lagd til. Det er først når klienten blir lagd til at nødvendige tilgangspakkar blir delegerte og systemet kan brukast på vegner av klienten.

Slik fjernar du ein klient

  1. Vel verksemda du vil administrere klientar for.

  2. Gå til Tilgangsstyring og vel Systemtilgangar i menyen.

  3. Klikk på systemtilgangen du ønskjer å gjere endringar på.

  4. Klikk på Legg til klient eller fjern klient.

  5. Vel klienten frå lista.

  6. Klikk på Fjern frå systemtilgang til høgre.

Du får ei stadfesting når klienten er fjerna. Systemet mistar då tilgangen til å handle på vegner av denne klienten.

Gi fullmakt til API i Altinn

For å gi fullmakt til API må du ha tilgangspakken Maskinporten administrator, samt minst éin av tilgangspakkane under fullmaktsområdet Integrasjonar. Du finn fullmaktsoversikta di under Tilgangsstyring, og deretter Fullmakter.

Slik gjer du det

  1. Gå til Tilgangsstyring og vel Maskinportenadministrasjon.

  2. Klikk på Legg til leverandør.

  3. Skriv inn organisasjonsnummeret til leverandøren.

  4. Vel kva API leverandøren skal ha fullmakt til.

  5. Klikk på Gi fullmakt.

Du kan gi fullmakt til fleire API-ar i same prosess.

Kople saman Altinn innlogging-brukar og Email login-brukar

Kople saman Altinn innlogging-brukar og Email login-brukar

Du kan kople den gamle Altinn innlogging-brukaren til Email login-brukaren din. Då får du tilgang til tidlegare meldingar og skjema i innboksen.

Slik gjer du det

  1. Logg inn med Email login.

  2. Start koplinga på éin av to måtar:

    • Klikk på informasjonsboksen i innboksen, eller

    • Gå til Din profil og vel Legg til konto.

  3. Les informasjonen og klikk Gå vidare.

  4. Skriv inn brukarnamn og passord for den gamle Altinn innlogging-brukaren.

  5. Gå tilbake til innboksen.

  6. Vel den gamle brukaren i aktørlista, eller bruk filteret Alle personar for å sjå meldingar og skjema frå begge brukarane.

Gløymt passordet til den gamle brukaren? Klikk Gløymt passord i innloggingsbiletet for å nullstille det.