Samtykke- og fullmaktsavtaler
Kva er samtykke- og fullmaktsavtaler?
Når du gir eit samtykke godkjenner du at ein tredjepart får hente opplysningar om deg til bruk i ein avgrensa periode. Gir du ei fullmakt, så kan tredjeparten utføre noko på vegner av deg. Samtykke og fullmakter godkjenner du som ein del av flyten til tredjeparten.
Det mest brukte samtykket finn du i lånesøknader, der banken ber deg om å godkjenne at dei hentar opplysningar om deg, som informasjon om inntekt og skatt.
Korleis kan eg sjå og trekke tilbake samtykker og fullmakter?
Logg inn i Tilgangsstyring i Altinn. Gå til Samtykke- og fullmaktsavtaler i venstremenyen. Her får du ei oversikt over aktive avtaler og ein Avtalelogg. Aktive avtaler kan du trekke tilbake, medan du får full oversikt over utgåtte avtaler i avtaleloggen. Mange samtykker er såkalla eingongssamtykker, desse vil ikkje vise som aktive, men hamne rett i avtaleloggen.