Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Om systemtilgang

Om systemtilgang

Kva er ein systemtilgang?

Systemtilgang gir deg som sluttbrukar moglegheit til å bruke eit fagsystem, for eksempel rekneskaps- eller HR-system, til å hente og sende inn data til offentlege tenester via Altinn – på vegne av eigen verksemd eller for klientane dine.

Du kan bruke systemtilgang enten for eigen verksemd eller for å utføre oppgåver på vegne av andre. Kva type systemtilgang du trenger, avheng av om du rapporterer berre for deg sjølv – eller også for klientar, som for eksempel ein rekneskapsførar.
Til dette bruker du ein systemtilgang, som er ein teknisk brukar kopla til systemet. Systemtilgangen har dei nødvendige fullmaktene for å utføre oppgåver i Altinn, utan at du må logge inn manuelt kvar gong.
Vi har to typar systemtilgang:

  • Systemtilgang for eigen verksemd: Brukast når du rapporterer berre for eigen verksemd, for eksempel ved å sende inn a-melding eller mva-melding frå eit internt system.

  • Systemtilgang for klientar: Brukast når du rapporterer på vegne av andre, som for eksempel ein rekneskapsførar. Då må klientane gje deg nødvendige fullmakter via Altinn.

Merk: Du kan også legge til eigen verksemd på ein systemtilgang for klientar. Dette er berre mogleg for systemtilgangar som har andre tilgangspakkar enn Rekneskapsførar- og Revisor-pakkane.