Feilmeldingar du kan få
Forklaringar på feilmeldingar du kan få
Nynorsk
Vi jobbar med å gjere feilmeldingane for systemtilgang meir forståelege. I mellomtida finn du under ei forklaring på kva som mest sannsynleg er feil når du får dei ulike meldingane.
Du har ikkje tilstrekkelege tilgangar til å godkjenne denne systemtilgang-førespurnaden.
Du kan få denne feilmeldinga om du er logga inn med ein bruker som ikkje har fullmakt til verksemda som denne systemtilgangen gjeld for. Du kan også få den om du prøver å opne ein førespurnad som finst, men som du ikkje har fullmakt til å sjå. Sjekk kva fullmakter du har.
Du manglar tilgang til å lese systemtilgang-førespurnaden.
Denne feilmeldinga kan du få om du har fått lenke til ein førespurnad som er knytt til ei anna verksemd enn den du representerer. Sjekk om du har lesetilgang.
Systemtilgang-førespurnad for vald aktør finst ikkje. Er du sikker på at du har valt riktig aktør?
Denne meldinga kan du få om du prøver å opne ein førespurnad med ein ID som ikkje finst. Sjekk om du har fått lenke til riktig aktør.
Delegering av tenester feila med ukjend feil.
Du kan få denne feilmeldinga om du prøver å godkjenne ein systemtilgang, men det oppstår ein feil med å gje fullmakter til denne systemtilgangen.
Kunne ikkje opprette systemtilgang, eksisterande systemtilgang finst allereie for valt system.
Denne feilmeldinga kan kome om du prøver å opprette systemtilgang for det same systemet fleire gonger. Sjekk om du eller andre allereie har oppretta systemtilgang for det valde systemet.