Kva er felles varslingsadresser for verksemda?

Varslingsadresser er e-postadresse og/eller mobiltelefonnummer.
Varslingsadressene vert nytta av det offentlege for å varsle verksemda om viktige meldingar som vert leverte i Altinn. Det betyr at når verksemda har oppgitt ei eller fleire varslingsadresser, slepp verksemda å få meldingane i papirpost.

Alle verksemder i Einingsregisteret har plikt til å melde minst ei varslingsadresse, jf. forskrift til enhetsregisterloven § 8a. Plikta omfattar ikkje undereiningar, men eigne varslingsadresser kan meldast for desse viss verksemda har behov for det.

Varslingsadressene er berre tilgjengeleg for offentlege myndigheiter. Verksemdene har framleis høve til å frivillig registrere e-postadresse og mobiltelefonnummer som skal vere offentleg tilgjengeleg i Einingsregisteret. Desse vil ikkje bli brukt som varslingsadresser.

Korleis melder eg varslingsadresse?

Alle verksemder som skal registrerast i Einingsregisteret må melde varslingsadresse samstundes. Dette gjeld ikkje ved registrering av undereiningar.
For eksisterande verksemder må varslingsadresse meldast eller endrast ved å gå inn på verksemda si profil i Altinn. Dette føreset at du har rett til å representere verksemda i Altinn.

Hvem kan melde varslingsadresser for virksomheten?


Følgjande roller i Einingsregisteret kan oppdatere varslingsadresser for verksemda: Dagleg leiar, styreleiar, nestleiar, styremedlem, innehavar, bubestyrar, bestyrende reiar, norsk representant for utanlandske selskap, forretningsførar eller kontaktperson.

Personar med altinnrolla Hovudadministrator eller Signerar av Samordna registermelding, kan også oppdatere varslingsadresser for verksemda.

Kva er føremålet med varslingsadresser?

Føremålet med varslingsadresser er å sikre at alle verksemder skal kunne kommunisere digitalt med det offentlege. For at verksemder skal kunne motta enkeltvedtak og andre viktige meldingar digitalt, er det offentlege pålagt å varsle om at slike meldingar er sende. Til dette må det offentlege ha tilgang på varslingsadresser. Dei skal nyttast til varsling etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd, i samband med sakshandsaming og utføring av forvaltingsoppgåver elles.

Eit forvaltningsorgan som har sendt varsel til ei innmeldt varslingsadresse, har oppfylt varslingsplikta si etter eForvaltningsforskriften § 8 tredje ledd.
Du kan lese meir om digital varslingsadresse i høyringssaka på regjeringen.no.


Åpne kontaktskjema