Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Om klientadministrasjon

Om klientadministrasjon

Kva er klientadministrasjon?

Med klientadministrasjon kan du gi vidare fullmakter som verksemda di har fått frå ei anna verksemd. Du kan berre gi fullmaktene vidare til enkeltpersonar, til dømes tilsette eller samarbeidspartnarar. Dagleg leiar og styreleiar får automatisk tilgang til klientadministrasjon. Treng du at andre handterer dette, gir du dei tilgangspakken Klientadministrator.

Tidlegare var klientadministrasjon forbeholdt rekneskapsførarar, revisorar og forretningsførarar. No kan alle verksemder bruke funksjonen.

Fullmakter som er gitt vidare, blir sletta automatisk når givaren eller mottakaren slettar dei.

Gi fullmakt på vegner av ein klient

Du kan gi andre brukarar, til dømes ein tilsett, fullmakt til ein klient. Du kan velje om du vil starte frå brukaren eller frå klienten.

Merk: Du kan førebels berre gi fullmakt til tilgangspakkar. Frå hausten 2026 kan du òg gi fullmakt til enkeltenester.

Gå til Klientadministrasjon i menyen. Her finn du oversikt over brukarar og klientar.

Slik gir du fullmakt frå Brukarar:

  1. Klikk på fana Brukarar.

  2. Bruk søkjefeltet for å finne brukaren.

  3. Står ikkje brukaren i lista, klikkar du på Ny brukar for å leggje personen til.

  4. Vel brukaren i lista.

  5. Vel fana Alle klientar.

  6. Søk etter klienten brukaren skal få tilgang til, eller bla i lista.

  7. Opne klienten og klikk på Gi fullmakt.

Slik gir du fullmakt frå Klientar:

  1. Klikk på fana Klientar.

  2. Finn klienten du ønskjer å gi fullmakt for. Du kan:

    • søkje etter ein klient

    • filtrere etter rolla du har for klienten (rekneskapsførar, revisor, forretningsførar eller andre klientforhold)

    • vise sletta klientar

  3. Vel klienten i lista.

  4. Vel fana Alle brukarar.

  5. Klikk på Gi fullmakt til høgre for brukaren du vil gi fullmakt til.

  6. Står ikkje brukaren i lista, klikkar du på Ny brukar for å leggje personen til.

Slette fullmakter

Med brukar meinast ein person i verksemda di. Med klient meinast ei verksemd verksemda di utfører oppdrag for.

Du kan slette fullmakter enkeltvis eller for alle klientar samtidig.

Slik slettar du fullmakter for alle klientar

  1. Gå til Klientadministrasjon og vel fana Brukarar.

  2. Klikk på brukaren du vil fjerne fullmakter for.

  3. Klikk på knappen øvst til høgre ved namnet.

  4. Vel Slett fullmakter for å slette fullmaktene på alle klientar. Brukaren blir behalde.

  5. Vel Slett brukar for å slette både fullmakter og brukaren.

Slik slettar du fullmakt for éin enkelt klient

  1. Gå til Klientadministrasjon og vel fana Brukarar.

  2. Klikk på brukaren du vil endre.

  3. Finn klienten i lista Har desse klientane.

  4. Klikk på Slett fullmakt ved sidan av klienten.

Merk: Treng du å gi eller slette fullmakter for mange brukarar samtidig, må du gjere dette via API. I gamle Altinn kunne du laste ned, redigere og laste opp ei fil med klientdelegeringar – denne moglegheita finst ikkje i nye Altinn. Les meir om korleis du brukar API.

Se dine klientar

Slik gjer du det

  1. Vel verksemda du har mottatt fullmakt via – til dømes arbeidsgivaren din. [sjekk namn på val i GUI]

  2. Gå til Klientadministrasjon frå startsida for tilgangsstyring.

  3. Vel Klientar for å se kva fullmakter du har fått.

Du kan også slette fullmaktene dine ved å gå inn på hver enkelt klient.