Ver på vakt mot svindelforsøk
Vi opplever dagleg at brukarar mottek meldingar på SMS eller e-post frå aktørar som utgir seg for å vere Altinn. Formålet med dei falske e-postane er å lure til seg sensitiv informasjon eller pengar frå deg. Vi har samla nokre råd som kan hjelpe deg med å identifisere falske meldingar.
Svindelforsøk – generelle råd
Stopp – tenk – sjekk
Spør deg sjølv kva avsendaren eigentleg vil at du skal gjere. Forventar du ei slik henvending? Er det noko du vanlegvis får frå avsendaren? Svindelforsøk er lettast å avsløre ved at du blir bedt om å opne lenke eller vedlegg.Ikkje stol på avsendaradressa
Det er lett å forfalske avsendaradresser, i e-postar, SMS-ar og tekstmeldingar. Når du får SMS eller e-post frå Altinn, vil meldinga handle om at du har noko å lese eller fylle ut i Altinn. Då må du opne eit nytt nettlesarvindauge, skrive inn altinn.no og logge deg inn for å lese innhaldet. Altinn sender deg aldri melding frå meldingstenester som Messenger, WhatsApp eller liknande.Lenker og vedlegg
Vi sender aldri lenker eller vedlegg i e-post eller SMS. Når du mottek varsel frå oss, må du sjølv gå til nettsida vår, logge inn og sjekke innboksen din.Sensitive opplysningar
Oppgje aldri sensitive opplysningar, som kontonummer eller sikkerheitskodar, som falske meldingar ofte spør etter. Om du har vore uheldig og oppgjeve slik informasjon, ta kontakt med banken din så raskt som mogleg.
Er du usikker på om meldinga du har fått er svindel? Ring oss gjerne på telefon 75 00 60 00, så hjelper vi deg med å sjekke.