Hopp til hovudinnhald
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Logge inn og ut av Altinn
  4. Diverse om innlogging
  5. Korleis kan eg logga inn som eit føretak eller eit selskap?

Korleis kan eg logga inn som eit føretak eller eit selskap?

Du loggar deg inn som privatperson i Altinn. Viss du har tilgang på nokon andre enn deg sjølv, kan du etter innlogging velja kven du skal representera.

For å representera eit organisasjonsnummer i Altinn må du anten registrerast med ei ekstern rolle i Einingsregisteret, som til dømes innehavar, dagleg leiar eller leiaren i styret, eller du må få delegert ei rolle på vegne av organisasjonsnummeret i Altinn.