Logg inn med e-post
Frå februar 2026 er Email login den nye måten å logge inn utan fødselsnummer/D-nummer. Fram til 19. juni 2026 vil begge moglegheiter vere tilgjengeleg. Om du skal opprette ny brukar tilrår vi å velje Email login.
Slik loggar du inn med e-postadresse:
- Vel Logg inn →Vel Internasjonal → Email login.

- Fyll inn e-postadresse og trykk Neste.
- Sjekk e-posten din. Du skal få ein eingongskode.
- Fyll inn eingongskoden på sida for å stadfeste innlogging og trykk Bekreft.
Dersom det er første gongen du loggar inn med denne e-postadressa vil du få ny brukar, om ikkje kjem du til brukaren du tidlegare har oppretta med denne e-postadressa.