Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Logge inn og ut av Altinn
  4. Alternativ innlogging i Altinn

Alternativ innlogging i Altinn

Dersom du ikkje har fødselsnummer eller D-nummer, kan du logge inn med ei e-postadresse du sjølv har valt og har tilgang til. Dette er den einaste måten å logge inn på utan fødselsnummer eller D-nummer. Dersom du tidlegare har brukt Altinn-innlogging, vil du ikkje automatisk sjå dei same meldingane i innboksen når du loggar inn med Email Login. Dersom du ønskjer tilgang til historikken frå den tidlegare Altinn-innlogginga di, kan du knyte henne til ein ny Email Login-konto. Sjå avsnittet nedanfor for meir informasjon om korleis du gjer dette.

Logg inn med e-post

Email login den nye måten å logge inn utan fødselsnummer/D-nummer. Om du skal opprette ny brukar tilrår vi å velje Email login.

Slik loggar du inn med e-postadresse:

  1. Vel Logg inn →Vel Internasjonal → Email login.

email login nynorsk.png

  1. Fyll inn e-postadresse og trykk Neste.

  2. Sjekk e-posten din. Du skal få ein eingongskode.

  3. Fyll inn eingongskoden på sida for å stadfeste innlogging og trykk Bekreft.

Har du brukt Altinn-innlogging tidlegare?

Du kan knyte den gamle Altinn-innlogginga di til den nye Email Login-brukaren. Då får du tilgang til meldingar og skjema du tidlegare har motteke eller sendt.

Les mer her.

Sjå eiga steg-for-steg-rettleiing: Knyt saman Altinn-innlogging og Email Login-brukar.

Har du brukt Altinn innlogging tidlegare?

Du kan knyte den gamle Altinn-brukaren din til den nye Email Login-brukaren. Då får du tilgang til meldingar og skjema du tidlegare har teke imot eller sendt.

Slik knyter du kontoane saman

  1. Logg inn med Email Login.

  2. Start tilknytinga av kontoane.

    • Klikk på informasjonsboksen i innboksen, eller

    • Gå til Din profil og vel Legg til konto.

  3. Les informasjonen og vel Gå vidare.

  4. Logg inn på den gamle Altinn-brukaren.

    • Skriv inn brukarnamn og passord for den gamle Altinn-innlogginga.

  5. Finn historikken din.

    • Gå tilbake til innboksen.

    • Vel den gamle brukaren i aktørlista, eller bruk filteret Alle personar for å sjå meldingar og skjema frå begge brukarane.

Sjå eiga steg-for-steg-rettleiing: Kople saman Altinn-innlogging og Email Login-brukar.