Hopp til hovudinnhaldet
  1. Start
  2. Hjelp
  3. Ulike val på meldingar og skjema i innboksen

Ulike val på meldingar og skjema i innboksen

Fleire val for ei melding eller eit skjema

Meldingar og skjema i innboksen har ulike val.
Før du går inn på meldinga/skjemaet, kan du klikke på dei tre prikkane øvst til høgre og sjå dei ulike vala.

Funskjoner innboks før du åpner melding skjema.png

Du får andre val når du klikkar deg inn på meldinga eller skjemadialogen.

Innboks skjema.png

Dele og gi fullmakt i innboksen

I innboksen i Altinn kan du gi ein annan person fullmakt til éi bestemt melding eller eitt skjema. Det kan du gjere om du til dømes treng hjelp frå ein kollega eller rekneskapsførar til éi konkret sak. Då får personen fullmakt til det du deler, og kan følgje opp på vegner av deg eller verksemda.

For å kunne dele og gi fullmakter frå innboksen til ei verksemd, må du ha tilgangspakken Tilgangsstyrar for enkeltmeldingar, -skjema og -dialogar.

Slik deler du og gir fullmakt frå innboksen:

  1. Logg inn i innboksen i Altinn.

  2. Opne meldinga eller skjemaet du vil dele.

  3. Vel Del og gi fullmakt under den opne meldinga.

  4. Finn den du vil gi fullmakt til i lista og klikk på Gi fullmakt.
    Om du ikkje finn den du vil gi fullmakt til, vel du Ny brukar og legg inn den som skal ha fullmakta.

Vel fleire element i innboksen

Du kan bruke Vel fleire til å flytte fleire meldingar eller skjema til arkivet eller papirkurven. Du kan også merkje dei som ulese.

Slik gjer du det

  1. Vel rett aktør.

  2. Gå til Meny og vel Innboks.

  3. Klikk på dei tre prikkane du ser øvst til høgre i meldinga/skjemaet, og vel Vel fleire.

  4. Klikk i avmerkingsboksane til høgre for å velje meldingane/skjemaa du vil gjere noko med.

  5. Vel handlinga du vil utføre: merkje som ulese, flytte til arkivet eller leggje i papirkurven.

Du kan angre det du har flytta til arkivet eller papirkurven, ved å gjere det same i mappa arkiv/papirkurv.