Del og gi fullmakt til melding og skjema i innboks
Del og gi fullmakt i innboksen
I innboksen i Altinn kan du gi ein annan person fullmakt til éi bestemd melding eller eitt skjema. Det kan du gjere om du til dømes treng hjelp frå ein kollega eller rekneskapsførar til éi konkret sak. Då får personen fullmakt til det du deler, og kan følgje opp på vegner av deg eller verksemda.
For å kunne dele og gi fullmakter frå innboksen til ei verksemd, må du ha tilgangspakken Tilgangsstyrar for enkeltmeldingar, -skjema og -dialogar.
Slik deler du og gir fullmakt frå innboksen:
Logg inn i innboksen i Altinn.
Opne meldinga eller skjemaet du vil dele.
Vel Del og gi fullmakt under den opne meldinga.
I vindauget som blir opna kan du søkje etter den du vil gi fullmakt til. Om du ikkje finn den du vil dele med, må du velje Ny brukar.
Vel Gi fullmakt når du har funne den du vil dele med.