Verkemiddel og tilskot frå Møre og Romsdal fylkeskommune

Fylkeskommunen forvaltar ulike finansieringsordningar i arbeidet med næringsutvikling. Målgruppa for kvar enkelt tilskotsordning kan vera noko ulik.


Nokre av ordningane det kan søkjast tilskot til:

Regionale utviklingsmidlar

Fylkeskommunens regionale utviklingsmidlar skal gå til prosjekt som samsvarer med prioriterte mål i fylkesplanen for berekraftsfylket Møre og Romsdal 2021-2024 og tilhøyrande strategiar og programsatsingar. Rammene for midlane blir vedteke i økonomiplanen kvart enkelt år.

BIO midlar

Bedriftsintern opplæring (BIO-midlar) er ei stønadsordning for små og store bedrifter med omstillingsbehov og moglegheit for vidareutvikling gjennom kompetansetiltak for dei tilsette. Formålet med ordninga er å motverka nærliggjande permitteringar eller nedbemanning ved å styrkja kompetansen blant dei tilsette slik at bedrifta kan gjera vesentlege endringar i produksjon, produkt eller etablera seg i nye marknader.

Reiseliv – attraktivitet gjennom berekraft

Ordninga skal støtta gode prosjekt/utviklingstiltak som byggjer opp under posisjonen «Møre og Romsdal som opplevingsfylke nr. 1». Prosjekta skal bidra til å skapa og spreia aktivitet i heile Møre og Romsdal - heile året, og byggja på målsetjingar for eit berekraftig reiseliv i Scenario 2030 - «Attraktivitet gjennom berekraft». Destinasjonsselskap eller andre utviklingsaktørar kan søkja.

Stimuleringstilskot til lærebedrifter

Denne tilskotsordninga er i hovudsak retta mot bransjar og bedrifter som har lærlingar/lærekandidatar/praksisbrevkandidatar som er eller står i fare for å bli permittert, eller som står i fare for å mista læreplassen. Frittståande lærebedrifter og medlemsbedrifter i opplæringskontor kan søkja.

Møre og Romsdal fylkeskommune og tilskotsordningar

Åpne kontaktskjema