Vekstfinansiering

Er du tilbydar av lokalmat- og drikke, matopplevingar med lokal identitet, reiselivsopplevingar, Inn på Tunet, innlandsfiske - eller er du ein aktør innan reinnæringa? Då kan innovasjon Noreg hjelpe deg med å vekse, styrkje kompetanse, byggje omdøme og danne nyttige nettverk.


Innovasjon Norge ønskjer å gjere deg som er knytt til landbruket og reinnæringa meir konkurransedyktig, og vil derfor stimulere til at bedrifta di veks.

Kven kan få finansiering?

  • Primærprodusentar i landbruket, reindriftsutøvarar, innlandsfiske- og næringsmiddelbedrifter som utviklar, foredlar og sel kvalitetsprodukt baserte på lokale råvarer
  • Reiselivsbedrifter som ønskjer å utvikle tilbod innan mat, overnatting, servering, natur- og kulturbaserte aktivitetar og opplevingar baserte på ressursar frå landbruket og reindrifta
  • Inn på tunet-tilbydarar innanfor Matmerks godkjenningsordning

Programmet kan også verte tilbydd til andre utøvarar av tilleggsnæringar baserte på ressursar frå landbruket og reindrifta som anten er i ein vekstfase eller del av eit nettverk.

Innovasjon Noreg om vekstfinansiering

Åpne kontaktskjema