Tilskotsordningar frå Midtnorsk filmsenter

Midtnorsk filmsenter er ein offentleg eid tilskotsgivar som forvaltar midlar til utvikling/produksjon av film- og dataspelprosjekt og har som mål å utvikle Trøndelag som film- og spelregion. Det kan i tillegg søkast stipend for kompetanseheving og fagleg utvikling i form av reise-, praktikant- og mentorstønad for profesjonelle. Filmsenteret har eigne ordningar for unge som ennå ikkje er ein del av den profesjonelle bransjen.


Hva kan du søke stønad til?

Stønad til filmprosjekt

  • Utviklingstilskot blir gitt til prosjekt som er på eit tidleg utviklingsstadium. Formålet med denne tilskotsordninga er å utvikle prosjekt til eit nivå der produsentar og finansiørar kan ta stilling til produksjon. Eit utviklingsprosjekt blir rekna for eit sjølvstendig prosjekt som skal budsjetterast og beskrivast uavhengig av produksjon.
  • Produksjonstilskot blir gitt til prosjekt som er gjennomarbeidde fram til produksjonsvedtak. Søknader om produksjonstilskot må sendast inn før opptaksstart.

Søkar av tilskot til filmprosjekt må vere eit uavhengig produksjonsføretak og organisert som aksjeselskap med næringskode 59.110. Minst ein av fagfunksjonane produsent, regissør eller manusforfattar må bu og arbeide i Trøndelag.

Utviklingstønad til dataspelprosjekt kan søkast til ein tidleg fase. Viktige element i prosjektskildringa: Konkret idé, originalitet, visuelle skisser, definert målgruppe, stadfesting på rettar. Minst éin av fire nøkkelpersonar i prosjektet må bu og arbeide i Trøndelag. Du må ha eit produksjonsføretak med forretningsadresse i Trøndelag og ha audiovisuell produksjon som hovudformål.

Midtnorsk filmsenter har tre faste søknadsrundar for tilskot til film- og spelprosjekt i løpet av året: 15. februar, 30. april og 15. september.

Kortfilmstipend UNG

Kortfilmstipendet er ei eiga stønadsordning for kortfilm, fiksjon eller dokumentar på lågbutsjett. For å få stønad må filmen vere klar for produksjon. Søkaren må vere busett i Trøndelag. Stønaden er personleg og blir berre gitt til enkeltpersonar.

Reisestønad

Formålet med reisestønad er i hovudsak kompetanseheving og internasjonalisering, medrekna fagleg utvikling og finansiering. Søknader frå film- og spelskaparar som har blitt valde ut til eit pitcheforum eller har ein film med i programmet på ein anerkjent filmfestival eller andre tilsvarande arenaer, blir prioriterte. Det blir unntaksvis gitt stønad til andre formål i inn- og utland.

Praktikantstipend

Praktikantstipend kan søkast i samband med filmproduksjonar der ferske filmarbeidarar kan få fagleg utbyte av å følgje ein produksjon i tett kontakt med profesjonelle filmarbeidarar. Praktikanten må vere busett i Trøndelag.

Filmsrønad for unge

Er du ein ung filmskapar som ikkje har starta den profesjonelle karrieren din ennå, kan du søke stønad hos Midtnorsk filmsenter. Du kan søke kortfilmstipendet og reisestønad som bli tildelt etter skjønn. Du kan vidare få rådgiving og delta på dei kursa som blir lyste ut.

Mentorstønad for profesjonelle

Profesjonelle filmskaparar kan søka stønad til innleidd mentor innanfor eit spesielt fagområde, eller for å fordjupa seg i ei fagleg grunngitt problemstilling knytt til eit audiovisuelt prosjekt.

Filmkulturelle tiltak

Midtnorsk filmsenter kan gi stønad til publikumsarrangement som bidrar til breidde og kvalitet i filmtilbodet for vaksne og barn, og som stimulerer filmkulturen i Trøndelag. Ordninga rettar seg mot arrangørar av filmformidlingstiltak med kulturelt eller pedagogisk formål og seminar/presentasjonar knytt til ei filmvisning. Søkar av tilskot må vere ein organisasjon, stiftelse eller selskap registrert i Einingsregisteret.

Kven kan søke?

Tilskot frå Midtnorsk filmsenter rettar seg hovudsakleg mot den profesjonelle filmbransjen i Trøndelag Filmsenteret har også ordningar som rettar seg mot unge filmskaparar som ennå ikkje er ein del av den profesjonelle bransjen.

Spesielle prosjekt som ikkje oppfyller kriteria vil unntaksvis kunne få tilskot dersom prosjektet har ei sterk tematisk tilknyting til Trøndelag, og/eller kan reknast for å ha stor betydning for regionen.

Stipendordningane kan som regel behandlast fortløpande.

Midtnorsk filmsenter om tilskuddsordninger

Åpne kontaktskjema