Tilskot til utvikling og produksjon

Tilskot til utvikling og produksjon frå Kreativt Europa omfattar fire ordningar: Tilskot til utvikling av enkeltprosjekt, tilskot til utvikling av ein pakke med 3-5 prosjekt (slate funding), tilskot til utvikling av dataspel og toppfinansiering av TV-prosjekt.


Denne ordninga er ein del av Kreativt Europa, MEDIA-programmet.

Utvikling - Enkeltprosjekt

Utviklingsstøtte til eit enkelt audiovisuelt prosjekt. Ordninga vender seg til uavhengige europeiske produksjonsselskap som har vore etablerte i minst 12 månader og som utviklar fiksjon, animasjon eller kreative dokumentarar. Søkjarar må vise til dokumentert erfaring; at dei har produsert eit verk i løpet av dei fem siste åra som har blitt kommersielt distribuert internasjonalt i løpet av dei to siste åra, og dei må også dokumentere at dei eig rettane til prosjektet.

Utvikling - Slate funding

Utviklingsstøtte til ei pakke med 3-5 prosjekt: spelefilm, animasjon, kreativ dokumentar eller TV-serie. Ordninga vender seg til uavhengige europeiske produksjonsselskap som har vore etablerte i minst 36 månader og som utviklar fiksjon, animasjon eller kreative dokumentarar. Søkjarar må vise til dokumentert erfaring, at dei har produsert eit verk i løpet av dei siste fem åra som har blitt distribuert internasjonalt i minst tre land i løpet av dei to siste åra. Søkjarar må også dokumentere at dei eig rettane til prosjektet.

Utvikling - dataspel

Støtte til utviklingsfasen av nye narrative dataspel. Ordninga vender seg til uavhengige europeiske spelselskap som har utvikling og produksjon av dataspel som hovudføremål. Selskap som søkjer må ha vore etablerte i 12 månader før søknadsdatoen og må vise til dokumentert erfaring. Prosjekta må vere narrative dataspel intenderte for kommersiell utnytting, og bør vise ambisjonar for den europeiske og den internasjonale marknaden.

Produksjon – TV-prosjekt

Støtte til produksjon av TV-produksjonar innan fiksjon, animasjon eller kreativ dokumentar. Tilskot kan søkjast av uavhengige europeiske produksjonsselskap som kan dokumentere at dei eig rettane til prosjektet eller at dei er hovudprodusent for co-produksjonen. Prosjektet må vere førehandsselt til tre kringkastarar/TV-selskap frå tre forskjellige land.

Hovuddelen av selskapa som er involverte i produksjonen må vere baserte i Europa, og hovuddelen av dei medverkande i produksjonen må vere europeiske innbyggjarar. Minimum 50 % av finansieringa av prosjektet må vere stadfesta og minst 50 % må kome frå europeiske kjelder.

Utviklingstilskudd – enkeltprosjekter

Utviklingstilskudd – Slate funding

Utviklingstilskudd – dataspill

Produksjonstilskudd – TV-prosjekter

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Kreativt Europa

Åpne kontaktskjema