Tilskot til utvikling og produksjon

Tilskot til utvikling og produksjon frå Kreativt Europa omfattar fire ordningar: Tilskot til utvikling av enkeltprosjekt, tilskot til utvikling av ein pakke med 3-5 prosjekt (slate funding), tilskot til utvikling av dataspel og produksjonstilskot for TV-prosjekt.


Desse ordningane er ein del av Kreativt Europa MEDIA-programmet.

Utvikling - Enkeltprosjekt

Utviklingsstøtte til eit audiovisuelt prosjekt av høg kunstnarisk kvalitet med internasjonalt potensiale. Prosjektet kan vere spelefilm, animasjon, kreativ dokumentar eller serie. Prosjektet må vere eit reelt kreativt samarbeid i utviklingsfasen mellom minimum to uavhengige produksjonsselskap som kjem frå land som deltek i MEDIA-programmet.  Selskapet som er prosjektleiar må visa til dokumentert erfaring; at ein i perioden 01/01/2018 og fram til søknadsdato har vore hovudprodusent av eit verk som har vorte kommersielt distribuerte (kino, TV-kanalar eller plattform) i minst tre land utanfor Noreg. Festivalvisning blir ikkje rekna som kommersiell distribusjon.

Utvikling - Slate funding

Uavhengige europeiske produksjonsselskap kan søke utviklingstilskot til ein pakke med 3-5 audiovisuelle prosjekt. Søkarar må vise til dokumentert erfaring, at dei er hovudprodusent av minst to verk som har vorte produserte og kommersielt distribuerte (kino, TV-kanalar eller strøymeteneste) i minst tre land utanfor Noreg i perioden mellom 2018 og fram til søknadsfrist. Festivalvisning blir ikkje rekna som kommersiell distribusjon.

Utvikling - Dataspel

Støtte til utviklingsfasen av nye narrative dataspel eller narrative interaktive opplevingar. Ordninga vender seg til uavhengige europeiske spelselskap, XR studio og audiovisuelle produksjonsselskap som kan visa til dokumentert erfaring; at dei har produsert eller utvikla eit dataspel eller immersive innhald som har vorte nyleg kommersielt distribuerte. Søkar må legg ved salsrapportar for referanseverket, og må òg dokumentera at dei eig hovuddelen av rettane til det nye prosjektet.

Produksjon – TV og strøymetenester

Produksjonstilskot til fiksjon, animasjon eller kreativ dokumentar for TV eller digitale plattformer.
Prosjektet må vere intendert for TV eller strøymeteneste og det må vere gjort bindande avtalar (LOC) med minimum to TV-kanalar eller strøymetenester frå to land som deltek i MEDIA-programmet. Hovuddelen av selskapa involvert i produksjonen og stab/medverkande må vere basert i land som er medlem av MEDIA-programmet.

Utviklingstilskot – enkeltprosjekt

Utviklingstilskot – slate funding

Utviklingstilskot – dataspel

Produksjonstilskot – TV og strøymetenester

Kreativt Europa MEDIA-programmet

Åpne kontaktskjema