Innovasjonskontraktar gir tilskot til leverandørbedrifter som har eit innovasjonsprosjekt i eit forpliktande samarbeid med ein pilotkunde.
Målgruppa er innovative bedrifter med internasjonalt vekstpotensial, som har ambisjonar om å styrkje bedrifta si konkurransekraft og posisjonere seg for internasjonale marknader. Gjennomføring av eit innovasjonsprosjekt er sett på som nødvendig for å nå denne ambisjonen.
Hovudmålgruppa er små og mellomstore bedrifter, men unntaksvis kan også store bedrifter få tilskot.
Tilskot til ein innovasjonskontrakt skal gje risikoavlasting for prosjekt som er innovative og som har internasjonalt potensial. Det krev at innovasjonsprosjektet er forbunden med betydeleg marknads- og/eller prosjektrisiko. Kjernen i innovasjonskontraktar er utvikling i tett samarbeid med marknaden og pilotkunden, med mål om å kommersialisere ei ny løysing - og potensial for skalering og vekst.
Formålet med prosjektet må vere å få fram ei ny og betre løysing på eit definert behov. Det er ein føresetnad at det ikkje finst liknande løysingar tilgjengeleg frå før.
Pilotkunden si rolle i prosjektet er vesentleg. Pilotkunden må vere representativ (stor og viktig nok) for den marknaden du tenkjer å adressere, slik at pilotkunden kan fungere som framtidig referanse overfor andre kundar, og pilotkunden sin motivasjon for samarbeidet vere grunna i at det ikkje finst alternative løysingar som er gode nok. Pilotkunden må vere villig til å leggje betydeleg med innsats i utviklingsprosjektet, til beste for prosjektet og ikkje berre pilotkunden sine eigne behov.