Tilskot til drivstoff for kystrekeflåten i 2024

Formålet med ordninga er å bidra til å avhjelpa den krevjande likviditetssituasjonen for merkeregistrerte fartøy i kystrekeflåten i 2024 ved å redusere kostnadsbyrda som følgje av ekstraordinære utgifter til drivstoff.


Følgjande fartøy kan søkje om tilskot til drivstoffutgifter til norsk avgiftsbelagt drivstoff som er bunkra i 2024:

a.) Fartøy som i samsvar med forskrift 17. desember 2020 nr. 2950 om mellombels tilskot som kompensasjon for CO2-avgift til fartøy som driv fiske og fangst i nære farvatn, inngjekk i kystrekeflåten for året 2023.

b.) Fartøy som ikkje blir omfatta av punkt a, men som dokumenterer at inntekta frå reke og sjøkrepsfisket i sum overstig 50 % av fangstverdien som bunkringa av drivstoff er opphav til.

Det kan søkjast om tilskot inntil 12 gonger og første søknad kan sendast frå og med februar 2024.

Det blir gitt tilskot med 3 kroner per fylte liter drivstoff.

Tildeling av tilskot blir gjennomført så lenge det er gjenståande midlar i ordninga føresett at bunkringa av drivstoff er gjord i 2024. Dersom det er fleire søknader enn det dei gjenståande midlane i ordninga kan komma i møte, skal søknadene prioriterast etter når dei er komne inn til Garantikassen.

Garantikassen om tilskot til drivstoff for kystrekeflåten

Åpne kontaktskjema